Hopp til innhald

Farge

Fargar påverkar oss. Korleis vi opplever ein farge, er avhengig av kva for fargar han står saman med. Farge er ein viktig del av design. Nokon gongar brukar vi store kontrastar, andre gongar vil vi skape harmoni. Fargelære hjelper deg til å velje fargar som framhevar produktet ditt.

NCS – det naturlege fargesystemet

NCS er eit fargesystem som byggjer på korleis vi menneske ser fargar. Bokstavane står for Natural Colour System. Vi bruker systemet til å beskrive fargar presist ved hjelp av kodar og til å finne fargar som passar saman.