Hopp til innhald

Fagstoff

Kulør, metting og valør

Har du opplevd at det kan vere vanskeleg å få andre til å forstå kva for farge du meiner når du skal beskrive han? Viss du skal diskutere fargar, er det tre omgrep du bør forstå og kunne bruke: kulør, metting og valør.
Grafikk av Munsells fargekart frå 1929. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Kulør beskriv kva for farge i fargesirkelen det er snakk om. Er han blå, gulgrøn eller lilla? NCS bruker kulørtone om ein bestemd farge på fargesirkelen.
  • Metting seier noko om fargeintensiteten. Kor sterk er fargen? Viss en farge er blanda ut med svart, kvitt eller grått, har han lågare metting og intensitet enn ein rein farge som ikkje er blanda ut. NCS beskriv metting med kor mykje kulørtheit ein farge har.
  • Valøren fortel oss kor fargen høyrer heime på ein lysheitsskala frå svart til kvitt.

Modell som viser korleis kulør, metting og valør står til kvarandre

Sjå føre deg at du legg fargesirkelen rundt ein sylinder som går frå kvitt i toppen til svart i botnen. Viss fargesirkelen kjem tett på sylinderen med gråtonar, går det ut over mettinga, og fargen blir uklår og utblanda.

Viss du held fargesirkelen langt unna sylinderen med gråfarge, blir den opphavlege, reine fargen beheldt. Flyttar du fargane høgt opp og tett på sylinderen, får du ein farge som er blanda ut med mykje kvitt, mens du i botnen får ein farge med mykje svart. (Sjå utsnittet i modellen over.)

Bruk kunnskap om kulør, metting og valør til å setje saman fargar

CC BY-SASkrive av Ellen Johansen og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 08.10.2019

Læringsressursar

Fargar og kommunikasjon