Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1)
Felles programfag saman med:Materiale og teknikkar (DT-DTH vg1)
Farge
Fargar påverkar oss. Korleis vi opplever ein farge, er avhengig av kva for fargar han står saman med. Farge er ein viktig del av design. Nokon gongar brukar vi store kontrastar, andre gongar vil vi skape harmoni. Fargelære hjelper deg til å velje fargar som framhevar produktet ditt.
Additiv (RGB) og subtraktiv (CMYK) fargeblanding
Fargar kan blandast på to forskjellige måtar som blir kalla additiv og subtraktiv fargeblanding. Additiv fargeblanding (RGB) er blanding av lysfargar, og subtraktiv fargeblanding (CMYK) er blanding av pigmentfargar. Desse to systema har fått namn etter fargane dei bruker som hovudfargar.