Hopp til innhald

Fagstoff

Levetid på elektronisk og mekanisk utstyr

Elektroniske komponentar, datautstyr og mekanisk utstyr er utsett for slitasje og degradering som over tid vil gjere at utstyret sluttar å fungere. Vi seier at utstyret har ei levetid. Vi kan estimere levetid, og basert på ho kan vi planleggje utskiftingar før det er sannsynleg at defektar oppstår.
Person kledd ut som Døden; han eller ho har svart kappe med hette og er sminka slik at ansiktet ser ut som et daudinghovud. Personen held ei vekkjarklokke som viser fem på tolv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Til ettertanke

  • Har du hatt ei datamaskin eller mobiltelefon som slutta å fungere?

  • Var det med god grunn at utstyret slutta å fungere, eller skjedde det tilfeldig?

  • Kor gammalt var utstyret då det slutta å fungere?

  • Hadde det nådd forventa levetid?

  • Kva for negative konsekvensar medførte det at utstyret slutta å fungere?

Omgrepet levetid blir brukt for å beskrive kor lenge utstyr eller utstyrskomponentar er forventa å fungere som normalt før dei blir slitne ut. Levetid er alltid eit estimat, ein liten del av utstyr vil bli øydelagt tidlegare, og mykje utstyr vil fungere lenge etter at den gitte levetida har gått ut.

Estimering av levetid

Estimeringa av levetid kan gjerast basert på testar og utsegn frå utstyrsprodusenten. Bransjenormer og garantiar er òg vanleg. I tillegg kjem eigne og andre sine erfaringar i betraktning når ein skal anslå levetida til utstyret.

Levetid er ofte gitt i tid, til dømes eit tal køyretimar eller år vi kan forvente at utstyret fungerer utan problem under normale driftsforhold. Eit døme på dette kan vere køyretimar for ei industriell maskin. Køyretid i timar blir ofte brukt for å bestemme når det er nødvendig å gjere rutinemessig service som oljeskift eller deleskift.

Lite avlangt kretskort med fire mikrobrikker blir halde mellom ein tommel og ein peikefinger. Foto.

Levetid kan òg bli gitt i mengda belastning. Eit døme på dette er moderne SSD-ar. Lagringscellene i SSD-ar toler mange avlesingar, men berre eit visst tal på overskrivingar av kvar enkelt celle. Levetida på SSD-ar er derfor ofte gitt i talet på terabyte med skriving til SSD-en (TBW – Terabytes Written).

Produsenten si estimering av levetid

Når nye produkt blir utvikla, må dei kvalitetssikrast, og levetid må estimerast. Det er derfor vanleg for produsenten å gjere ei rekkje testar av produktet. Desse testane blir så brukte for å estimere levetida.

Garanti

Kvinne ser på berbar mac i ein butikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mange produkt kjem med garanti. Garantiar er ikkje lovpålagde, men noko seljaren og produsenten avtaler med deg som kjøpar. I garantiar tek seljar og produsent ansvar for at produktet skal fungere som normalt for ei gitt tid (eller mengde bruk). Ved feil som ikkje oppstår på grunn av feil bruk eller ytre omstende, tek dei ansvaret og kostnaden for reparasjon eller byte av produktet. Garantiar vil ofte ha restriksjonar det er lurt å kjenne til.

Mange seljarar tilbyr utvida garantiar mot betaling eller ved registrering av produktet. Dette blir brukt som verkemiddel for å vise tilliten seljaren eller produsenten har til levetida til produktet.

Reklamasjonsrett

Forbrukarkjøpslova gir oss som kjøper noko av ei bedrift, rett til reklamasjon av produkt som har manglar eller feil. Reklamasjonsretten er regulert av lov og gjeld anten i to eller fem år for produkt som er forventa å ha lang levetid.

Når ei bedrift handlar hos ei anna bedrift, gjeld ikkje forbrukarkjøpslova. I slike tilfelle er ofte reklamasjon ein del av avtalen mellom partane.

Bransjestandardar

Mange produsentar lagar produkt i den same produktkategorien. Eit døme på dette kan vere at vi har mange produsentar som lagar berbare datamaskiner.

Som forbrukarar har vi forventningar til levetida på produkt i ein produktkategori. Viss ein produsent leverer utstyr som har mykje kortare levetid enn det som har vorte bransjestandard, blir vi misfornøgde og vil unngå leverandøren i framtida.

Eigne og erfaringane til andre

Du har dine eigne erfaringar om kor lenge ulike produkt fungerer skikkeleg. Spesielt viss du har jobba lenge innan ein bransje, kan tidlegare erfaringar brukast til dømes til å justere tidspunkt for utskifting eller service på utstyr.

Det er òg mykje å lære frå erfaringane til andre. Mange skriv i forum eller legg inn produktmeldingar som kan gi gode rettesnorer før du gjer innkjøp.

Årsaker til varierande levetid

Nokre gonger har eit produkt kortare levetid enn det som var forventa. Det finst mange moglege årsaker til dette:

  • Alvorlege produksjonsfeil eller skadar under transport kan gjere at utstyr ikkje fungerer når bedrifta får det (DOA – dead on arrival).

  • Defektar frå produksjon eller skade under transport kan gi periodiske feil, uro og redusert levetid.

  • Utstyret kan handterast feil når det er i bruk.

  • Dersom utstyret blir utsett for hard belastning, vil det påverke levetida mykje.

  • Driftsmiljøet utstyret er plassert i, som straumkvalitet, temperatur, vibrasjonar og støvmengde kan òg påverke levetida.


Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2022

Læringsressursar

Lagringsløysingar