Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Redundans i systema rundt oss

Mange av systema rundt oss har innebygd redundans, men vi tenker ikkje så mykje over det i kvardagen. I desse oppgåvene skal vi sjå nærare på konseptet og kvar vi bruker redundans.
Fiberbasert nettverkskort på bakside av server med fire fibertilknytingar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før du startar med oppgåvene, bør du lese artikkelen "Redundans i system".

  1. Forklar omgrepet redundans.

  2. Søk på nettet og finn ein definisjon på omgrepet feiltoleranse.

  3. Er det forskjell på omgrepa redundans og feiltoleranse?

  4. Forklar omgrepet single point of failure.

  5. Finn døme på situasjonar der ein enkelt feil kan skape store materielle skadar eller personskadar.

  6. Finn døme på redundans og feiltoleranse som er naturleg å finne i objekta og situasjonane under:

    1. bil

    2. heis

    3. fallskjermhoppar

    4. nettverk for ei bedrift

    5. lagring i ein lagringsserver

  7. Redundans gir betre stabilitet, sikkerheit og oppetid i systema våre, men kvifor sikrar vi ikkje meir av systema enn det vi gjer?

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2022

Læringsressursar

Lagringsløysingar