Hopp til innhald

Fagstoff

Sikkerheitskopiering

Både som privatperson eller tilsett i ei verksemd er det lett å tru at verdiane ligg i sjølve maskinvara, det er jo den vi legg ned pengar i. I realiteten er det mest kritisk at vi sikrar filene og dataa våre. Sikkerheitskopiering er sentralt for å få dette til.

Kva er ein sikkerheitskopi?

Einarar og nullar over heile biletet. Til høgre i biletet spring ein liten mann i dress. Han held eit lass med earar og nullar over hovudet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Einingar og datasystem vi bruker, må kunne lagre data og filer som vi ønsker å ta vare på. Enkle døme er ein mobiltelefon full av familiefoto eller ein bedriftslagringsserver som er full av dokumenta til bedrifta. Dersom telefonen blir stolen, eller dersom lagringsserveren får ein alvorleg feil, vil vi miste dei viktige filene og dataa.

Å ta ein sikkerheitskopi (backup) er lett. Det krev berre ein ekstern stad å lagre kopien på og eit manuelt eller automatisert system for å lage sikkerheitskopien.

Den store utfordringa er å lage rutinar rundt sikkerheitskopieringa for å sikre at ho blir gjord jamleg og kopierer dei rette dataa. Det må òg vere lett å setje inn sikkerheitskopien ved tap av data frå det ordinære systemet vårt.

Kva bør vere i ein rutine for sikkerheitskopi?

Dersom du ønsker å friske opp kunnskapen din om rutinar, kan du ha nytte av artikkelen "Dokumentere rutinar".

For å lage ein rutine for sikkerheitskopiering treng du å tenke gjennom og dokumentere svara på spørsmåla under.

Kva data er det viktig å ikkje miste?

Det er mogleg å ta sikkerheitskopi av alle data ein har, men den ekstra lagringsplassen kan bli unødig kostbar og tidkrevjande. Det er derfor fornuftig å avgrense seg til dei dataa som faktisk er viktige.

  • Kva for nokre av dataa og filene finst ikkje andre stader? Innkjøpt programvare er det som oftast enkelt å få tak i på nytt ved behov. Produktnøklane for programvara kan vere ei anna sak. Det kan ta tid å få dei tilsende på nytt ved tap.

  • Kva filer har sentimental verdi for deg eller er viktige for at du eller bedrifta skal kunne gjere arbeidet?

  • Er det data og filer som du er lovpålagd å ikkje miste? Eit døme på dette er personal- og rekneskapsinformasjon.

Kor ofte bør sikkerheitskopi takast?

Formålet med sikkerheitskopiering er å ha kopi av alle viktige data. Sidan vi forandrar og lagar nye filer, må vi ta nye sikkerheitskopiar jamleg.

Kor ofte vi bør sikkerheitskopi, må vi vurdere frå tilfelle til tilfelle. Tenk at uhellet er ute og du har mista dataa dine frå det ordinære systemet. Heldigvis tek du jamlege sikkerheitskopiar, men du skulle ta ny sikkerheitskopi dagen etter at du mista dataa.

Kor mange timar, dagar eller veker med forandringar og nye filer er det akseptabelt å miste?

Kva sikkerheitskopitype bør vi velje, og kva slags plan bør vi ha for når vi skal bruke dei ulike typane?

Formålet med sikkerheitskopiering er å ha kopi av alle viktige data og å ta nye sikkerheitskopiar jamleg slik at vi har oppdaterte kopiar.

Det er mogleg å ta fullstendig sikkerheitskopi kvar gong vi køyrer sikkerheitskopiering, men dette inneber ein del bortkasta ressursar, sidan dei fleste av filene våre ikkje blir forandra så ofte.

Vi har derfor fleire typar sikkerheitskopi vi kan bruke, dei viktigaste er:

fullstendig: kopi av alle filene vi har valt at det skal takast sikkerheitskopi av

differensiell: kopi av alle filer som er forandra eller er nye sidan den førre fullstendige sikkerheitskopieringa

inkrementell: kopi av alle filer som er forandra eller nye sidan den førre sikkerheitskopieringa (uavhengig av type)

Døme på plan

Under er eit døme på ein enkel plan for sikkerheitskopiering. Her tek ein kvar veke ein fullstendig sikkerheitskopi av alle filene. På kvardagane tek ein ein differensiell sikkerheitskopi som inkluderer alle forandringar og nye filer sidan den fullstendige sikkerheitskopien på måndag.

Dag

Sikkerheitskopitype

måndag

fullstendig sikkerheitskopi

tysdag

differensiell sikkerheitskopi

onsdag

differensiell sikkerheitskopi

torsdag

differensiell sikkerheitskopi

fredag

differensiell sikkerheitskopi

laurdag

ingen

søndag

ingen

Kva utstyr og format skal vi bruke?

Avhengig av kor mykje data og kor ofte vi skal ta sikkerheitskopiar, vil dette legge føringar for kva utstyr du vil trenge.

Dersom du berre ønsker sikkerheitskopi av innhaldet på ein telefon, kan ei billig skylagring vere fornuftig, mens dersom du har eit datasenter med serverar, treng du kanskje store tape-maskiner. For mellomstore aktørar kan løysinga vere eksterne harddiskar, USB-minnepinnar eller dvd-plater.

Mange format kan gjenbrukast, men det er viktig å halde oversikta over gjenbruken og teste at media held fram med å fungere utan feil.

Det finst mykje ulik programvare som kan brukast for å handtere sikkerheitskopiar, du må bestemme kva du skal bruke.

Kvar skal vi lagre sikkerheitskopiane?

Sikkerheitskopiar bør ikkje ligge på den same maskina som dei er er tekne frå. Dette er for risikabelt til dømes ved brann eller tjuveri. Sikkerheitskopiar bør helst fjernast heilt frå lokalet (offsite) og bør vere fråkopla nettverk (offline).

Det må finnast ein praktisk stad der vi kan lagresikkerheitskopiane, som det er lett å flytte nye sikkerheitskopiar til og hente dei tilbake frå ved behov.

Mange bruker i dag skylagring for sikkerheitskopiar. Det har sine fordelar, men det kan vere upraktisk dersom det er store mengder data.

Uansett plassering er det viktig å tenke på sikkerheit. Både privatpersonar og bedrifter har data som er privat, og som ikkje bør komme på avvegar. Sikkerheitskopiar må derfor sikrast mot tjuveri.

Kor lenge skal vi lagre sikkerheitskopiane?

Dei siste åra har løysepengevirus blitt meir og meir vanleg både mot privatpersonar og bedrifter. Ei av utfordringane med løysepengevirus er at maskiner kan bli infiserte lenge før data blir krypterte og gjorde utilgjengeleg.

Det er dermed ikkje nok å bruke den siste sikkerheitskopien for gjenoppbygginga. Vi må ha fleire sikkerheitskopiar som går tilbake månader og kanskje år for å sikre at vi kan få tilbake flest mogleg av dataa våre.

Det er vanleg å lage ein plan for oppbevaringa av sikkerheitskopiane. Til dømes kan kanskje den første fulle sikkerheitskopien per månad bli teken vare på i eit år, mens dei vekefaste blir tekne vare på i tre månader. Dei inkrementelle og differensielle sikkerheitskopiane er berre nyttige for eit par veker. Deretter kan vi slette dei.

Kven skal ta sikkerheitskopien og sikre lagring?

Sikkerheitskopiar blir jamleg tekne og flytta til den ønskte lagringsplassen. Kven skal ha dette ansvaret, og korleis skal det sikrast at dette skjer?

Kva skal vere rutinen dersom personen blir sjuk?

Testing av og plan for gjenoppbygging

Sikkerheitskopiar er gull verd, men berre dersom dei fungerer slik dei skal. Det er derfor viktig å teste sikkerheitskopiar med jamne mellomrom.

Det er òg viktig å ha ein plan i tilfelle det blir behov for å bruke sikkerheitskopien til gjenoppbygging.

RAID er ikkje sikkerheitskopiering

Ein feil mange gjer, er å kople RAID-oppsett og liknande løysingar med sikkerheitskopiar (backup), men dette er ikkje rett. Begge er tiltak for å sikre lagring, men RAID gir berre sikkerheit mot maskinvarefeil på ei enkelt lagringseining (to ved RAID 6) og har som oppgåve å sikre redundans og oppetid i det aktive systemet.

Ved sletting eller overskriving av filer ved feil, løysepengevirus, tjuveri, brann eller større maskinvarefeil vil ikkje RAID vere til hjelp. Eit godt oppsett vil derfor ha begge delar: RAID for å sikre redundans og oppetid for systemet som er i drift, og sikkerheitskopi for å sikre dataa våre.

I den lydlause animasjonen under kan du sjå korleis forandring eller sletting av filer i eit RAID-oppsett overskriv dataa på dei fysiske diskane med ein gong forandringa blir gjort. RAID beskyttar derfor ikkje mot feilslettingar eller angrep med løysepengevirus.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2022

Læringsressursar

Lagringsløysingar