Hopp til innhald

Fagstoff

Redundans i system

Redundans er opphavleg latin og betyr "overflod". Det er eit omgrep vi bruker for å beskrive system som er bygde og dimensjonerte med ekstra kapasitet eller komponentar for å auke feiltoleranse, stabilitet, sikkerheit og oppetid.
Ein klatrar i arbeid på ei oljeplattform i Nordsjøen. Nede på havet ligg ein supplybåt og ventar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit døme på redundans kan vi finne innan klatring. La oss seie at du skal fire deg ned frå eit høgt tårn i tau. For å gjere dette treng du berre eitt enkelt tau, festa i eit feste på toppen og ei klatresæle. Men kva skjer viss tauet ryk, knuten glepp eller festet losnar?

For ein klatrar kan konsekvensen av ein slik feil bety skade eller død. Ved å leggje inn redundans til dømes ved å ha to festar på toppen av tårnet, bruke dobbeltknutar og kanskje òg bruke eit dobbelt sett med tau er sjansane for farlege feil kraftig reduserte.

Fly i lufta. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Redundans blir spesielt brukt i system der ein enkelt feil kan ta ut heile systemet (single point of failure), der feil har høg risiko for å hende, eller der konsekvensen ved ein feil er alvorleg. Oppsett som legg vekt på redundans, blir brukt aktivt innan mange bransjar.

Eit døme kan vere eit passasjerfly som har to eller fleire motorar og to pilotar. Om ein motor stoppar eller ein pilot får eit anfall, kan den andre ta over og sikre at flyet landar trygt.

Straumforsyning i metall som består av to modular som kan trekkjast ut. Foto.

Mange andre system i eit fly er òg sett opp med redundans som leiande prinsipp. Redundans hindrar ikkje at enkeltfeil oppstår, men det hindrar at enkeltfeil tek ned system og skaper uønskte eller farlege situasjonar.

Innan dataverda blir redundans brukt aktivt. Til dømes er det vanleg at serverar har straumforsyning som består av to separate straumforsyningsmodular. Til vanleg kan anten ein av modulane vere aktiv og levere straum til serveren, eller begge bidreg 50 prosent. Viss ein modul får feil, blir denne deaktivert, og den andre modulen tek over fullstendig.

I dømet med ei redundant server-straumforsyning kan ein defekt straummodul plukkast ut og bytast med ein ny mens serveren går som normalt.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 05.10.2021

Læringsressursar

Lagringsløysingar