Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Planlegge sikkerheitskopiering

Innan sikkerheitskopiering er det viktig å finne dei rette løysingane for kvar enkelt situasjon. I desse oppgåvene skal du utarbeide forslag til oppsett for nokre fiktive bedrifter og personar.
Open berbar datamaskin med arkivskap over heile skjermen. Nokre av skuffene er dregne ut. Manipulert foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før du går i gang med oppgåvene, bør du gå gjennom artikkelen "Sikkerheitskopiering" og artikkelen "Utstyr for sikkerheitskopiering".

Caseoppgåve 1: Arkiv for fotograf

Silhuett av fotograf ved solnedgang. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein fotograf har teke kontakt og ønsker hjelp med å sikre dataa sine. Fotografen har eit NAS der han lagrar gamle bilete og videoklipp, men han har inga sikkerheitskopiløysing.

Lagringsserveren er eit ferdigbygd NAS med seks harddiskar i RAID 6. Kvar harddisk er 18 TB. Han har så langt brukt 30 TB av lagringsplassen. Han genererer rundt 250–300 GB med nye data per månad.

Lag eit forslag til sikkerheitskopioppsett for fotografen. Dokumenter kostnadene med det foreslåtte oppsettet ditt, og gå gjennom stega du kan frå artikkelen "Sikkerheitskopiering".

Caseoppgåve 2: Andrea Hagen Transport

Lastebil på ein veg. Eit fly flyg over lastebilen. Eit konteinerskip på havet i bakgrunnen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Andrea Hagen driv eit lite transportfirma. Ho har ein lastebil og gjer hovudsakleg flyttejobbar for bedrifter. Ho held orden på bestillingar, kontaktinformasjon, rekneskap, køyrebok, forsikring og innsending av rapportar til det offentlege frå den berbare datamaskina sin. Maskina har ho med seg i lastebilen, og ho bruker ho òg på heimekontoret sitt.

Andrea har rundt 4 GB med data og genererer 200 MB per månad. Fem av sju dagar i veka legg ho inn eller forandrar informasjon. Ho er pålagd å ta vare på rekneskapsinformasjon i fem år og ønsker å ha den andre informasjonen minst like lenge. I tillegg er ho heilt avhengig av datamaskina si for å halde oversikt over oppdrag.

Lag eit forslag til sikkerheitskopioppsett for transportfirmaet. Dokumenter kostnadene med det foreslåtte oppsettet ditt, og gå gjennom stega du kan frå artikkelen "Sikkerheitskopiering".

Caseoppgåve 3: Råvideo for YouTube-skapar

Silhuettar av fem personar som held på med berbar datamaskin, nettbrett og mobiltelefonar. YouTubes logo dekker heile bakgrunnen av biletet. Foto.

Ein stor youtubar har eit dataarkiv som går over ti år tilbake. Arkivet inneheld tusentals timar med råvideo og ferdige YouTube-videoar i høg oppløysing. Arkivet er i dag fordelt på to lagringsserverar og er på 700 TB. Kvar veke blir det generert 2,5 TB med nye videofiler.

Youtubaren har ikkje skaffa seg sikkerheitskopiløysing tidlegare fordi kostnaden har vore for høg, men ønsker no å ta tak i dette for å sikre dataa sine.

Ein fordel med arkivet er at råvideofilene aldri blir forandra etter at dei er lagde inn. Dersom ein videosnutt blir brukt, blir det laga ein lokal kopi på maskina til den som skal videoredigere. Når redigeringa er ferdig og eksportert ut til videoformat, blir denne lagd inn som ei heilt ny fil i arkivet.

Lag eit forslag til sikkerheitskopioppsett for youtubaren. Dokumenter kostnadene med det foreslåtte oppsettet ditt, og gå gjennom stega du kan frå artikkelen "Sikkerheitskopiering".




CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2022

Læringsressursar

Lagringsløysingar