Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forskjellige RAID-oppsett

RAID (Redundant Array of Inexpensive Disks) blir brukt i mange samanhengar. I desse oppgåvene skal du friske opp kunnskapen din og gi nokre forslag og tilrådingar.
Person dreg ut ein lagringsserver med mange harddiskskuffer ut frå eit serverskap. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før du byrjar med oppgåvene, bør du lese artikkelen "RAID".

Oppgåver

  1. Kva er formålet med RAID?

  2. Kva er paritet?

  3. Kva er forskjellen mellom RAID 0 og RAID 1?

  4. Kva er forskjellen mellom RAID 5 og RAID 6?

  5. I RAID 5 går lagringsplass tilsvarande ein av harddiskane bort i paritet. I eit RAID-oppsett på høvesvis 4, 8 og 16 harddiskar, kor mange prosent av lagringsplassen går til paritet og kan ikkje brukast til ordinær fillagring?

  6. Dei fleste RAID-oppsett er ganske små, men det er mogleg å lage store oppsett med eit titals lagringseiningar. Kva er ulempene med store RAID-oppsett?

  7. Kvifor er ikkje RAID rekna som sikkerheitskopi (backup)?

  8. Finn prisen på ein lagringsserver med nettverkstilkopling (NAS) for seks harddiskar, og vel harddiskar du tenker er fornuftige for oppsettet. Kor mykje vil løysinga koste, og kor mykje teoretisk lagringsplass vil løysinga ha?

Tilleggsoppgåver

  1. Å ha eit RAID-oppsett er ikkje nok for å sikre dataa i ei bedrift, sjå Linus Tech Tips' video "Our data is GONE... Again" på YouTube. Lag ei liste over feil eller svakheiter ved systema deira som du meiner medverka til at dei mista data.

  2. Nye harddiskar og SSD-ar gir oss auka overføringsfart, betre stabilitet og levetid og høgare lagringskapasitet, men har òg ein høgare pris. Vi må derfor avvege kapasitet og funksjonalitet mot pris.

    I deloppgåvene under skal du samle inn informasjon frå nettbutikkar og gi forslag til innkjøp av harddiskar til eit RAID 6-oppsett på tolv harddiskar.

    1. Dersom målet er høgast kapasitet til lågast pris, kva harddisk vil du tilrå? Kor dyrt vil oppsettet bli, kor mykje lagringskapasitet vil det ha, og kva blir prisen per GB med lagringsplass?

    2. Er det nokon ulemper med harddiskane du foreslo i deloppgåve 1?

    3. Dersom du vel den største harddisken som er tilgjengeleg, kor dyrt vil dette bli? Kor mykje kapasitet vil du få, og kva blir prisen per GB med lagringsplass?

  3. Vi har mange RAID-kombinasjonar (Nested RAID levels). Finn informasjon om dei, og forklar korleis RAID 50 (5+0) fungerer.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2022

Læringsressursar

Lagringsløysingar