Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Om produktlevetid

I desse oppgåvene skal du utforske om levetid, garantiar og reklamasjonsrett.
Digital klokke som viser klokkeslettet 23.59. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi tilrår at du les artikkelen Levetid på elektronisk og mekanisk utstyr før du gjer oppgåvene.

  1. Du skal estimere levetida til ein spesifikk type stearinlys. Korleis vil du gå fram for å estimere kor lenge kjøparen kan forvente at stearinlyset bør brenne?

  2. Mange produkt har forventa levetid på mange år. Eit døme på dette kan vere ein stol. Korleis kan ein teste eit slikt produkt og estimere levetida i løpet av berre nokre få månader?

  3. Mange eksemplar av eit produkt vil ha lengre levetid enn det som er estimert. Er det ikkje då dumt å gjere utskiftingar av utstyret før det gamle faktisk sluttar å fungere?

  4. Kom med døme på korleis vi kan oppdage eller merke at eit produkt er i ferd med å bli defekt?

  5. Søk på internett og finn eit produkt med lang garantitid. Kva dekkjer denne garantien?

  6. Sjekk lovverket og finn ut kor lang reklamasjonsretten er.

  7. Kor lang er reklamasjonsretten på følgjande nye produkt?

    1. skjorte (ubrukt)

    2. mobiltelefon

    3. berbar datamaskin

    4. vaskemaskin

Ekstraoppgåver

  1. Kva paragraf og lov er det som regulerer reklamasjonar?

  2. Mjølk har ei viss haldbarheit. Korleis er haldbarheitsomgrepet annleis enn levetidsomgrepet?

  3. Harddiskar har ofte forventa levetid gitt i MTBF (Mean Time Between Failure). Forklar kva dette betyr.

  4. Reklamasjonsretten har vorte utvida på enkelte typar produkt. Kva konsekvensar kan dette ha for berekraft og produktpris?

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2022

Læringsressursar

Lagringsløysingar