Hopp til innhald

Fagstoff

Utstyr for sikkerheitskopiering

Vi kan i utgangspunktet ta sikkerheitskopiar til alle typar lagringsmedium, og det finst i tillegg nettbaserte tenester. Men ikkje alle lagringsmedium er like godt eigna for sikkerheitskopiering.
Diskett, CD, minnepinne og minnekort. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

CD eller DVD

DVD-spelar på eit bord. Skuffa med DVD-en er open. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Få bruker CD eller DVD i det daglege, men desse formata kan likevel vere praktiske for sikkerheitskopiar. Platene er rimelege og enkle å oppbevare, men lagringskapasiteten er avgrensa, og brenninga av innhald er tidkrevjande. CD eller DVD kan likevel vere ei grei løysing for frittståande maskiner eller i situasjonar der datamengdene er små.

Minnepinnar

Minnepinne som nokon set inn i ei berbar datamaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Minnepinnar kan vi bruke til å kopiere viktige data, men dei toler berre eit avgrensa tal overskrivingar. Dersom dei blir overskrivne ofte, bør vi teste dei og skifte dei ut jamleg.

Kapasiteten er større enn for CD- og DVD-plater, men han er framleis avgrensa, og hastigheita på billige minnepinnar er låg. Minnepinne kan likevel vere eit alternativ for frittståande maskiner.

Ekstern harddisk eller SSD

Ekstern harddisk kopla til ei berbar datamaskin. Foto.

Ein ekstern harddisk med magnetplater kan ha stor kapasitet og hastigheit på rundt 100 MB per sekund. Vi kan òg overskrive dei mange gonger. Dette gjer dei praktiske for bruk til sikkerheitskopi. Ulempa er at det fort blir kostbart når ein må ta vare på mange sikkerheitskopiar for å kunne rette opp igjen filer tilbake i tid.

Eksterne SSD-er gir høgare hastigheit enn harddiskar med magnetplater, rundt 200–500 MB per sekund, men dei er dyrare per gigabyte med lagringsplass. Som minnepennar toler dei berre eit vist tal overskrivingar. Vi bør derfor teste dei og byte dei ut dersom dei er i aktiv sikkerheitskopirotasjon.

Datakassettar og -band

Tape-eining for bruk i datamaskin, med ein tape-kassett satt inn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Datakassettar og -band har vore brukte til sikkerheitskopiar over mange tiår og er enno eit godt alternativ for sikkerheitskopiering, spesielt når vi treng å ta vare på større mengder data.

Datakassettane vi har i dag, er spesielt laga for sikkerheitskopiering. Dei har stor lagringskapasitet, lang haldbarheit, kan brukast på nytt og er enkle å oppbevare.

Innside av tape-robot. Datakassettar er stabla i høgda på sida. Dei kan plukkast ned av ein robotarm til ein av to tape-stasjonar som er bygd inn i eininga. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ulemper med datakassettar er at overføringshastigheita er relativt langsam, og det trengst ein eigen bandstasjon og programvare for sikkerheitskopieringa.

Den vanlegaste standarden for datakassettar er LTO (Linear Tape-Open).

Tape-robot

Ein enkelt datakassett kan lagre mange terabyte med data, men dette er ikkje mykje for eit større langringssystem.

Ein tape-robot lar oss automatisere byting av datakassettar, noko som er praktisk når det er store mengder data vi skal ta sikkerheitskopi av og òg for å automatisk ta dei jamlege sikkerheitskopiane.

Skybasert sikkerheitskopiering

Skylagring er vanleg for både privatpersonar og bedrifter. Då blir dataa våre lagde på harddiskar hos ein skyleverandør, og vi får tilgang via internett.

Ordinær skylagring som vi bruker til dagleg, er dyrt per gigabyte, men gir snarleg tilgang frå kvar som helst dersom vi er kopla til internett. For privatpersonar med lite data kan dei vanlege skylagringstenestene (til dømes Google Drive og One Drive) fungere godt òg til sikkerheitskopiar.

For større bedrifter med meir data finst det eigne skybaserte sikkerheitskopiprodukt som er betre tilpassa og mykje billigare per gigabyte med data. Ved bruk av slike løysingar blir ikkje dataa våre lagra på harddiskar hos skyleverandøren, men på datakassettar. Dersom vi treng tilgang til dataa, må vi ofte vente minutt eller timar. Eit døme på dette er Amazon Glacier Deep Archive storage og Azure Archive Storage.

Nettbasert sikkerheitskopiering kan ha nokre sikkerheitsutfordringar, mellom anna fordi konfidensielle data regelmessig må sendast via internett. Vi må derfor kunne stole på at tilbydaren vernar dataa tilstrekkeleg mot tjuveri og uautorisert innsyn, og at dei ikkje går tapt dersom det skjer ei ulykke hos tilbydaren.

Avgrensa varigheit

Varigheita av digitale lagringsmedium som CD-ar, DVD-ar, harddiskar, minnepinnar og datakassettar er avgrensa, og etter ei tid vil dei anten bli uleselege eller miste evna til å halde på data. Dei fleste produsentar tilrår derfor at data blir lesne over på nye medium innan fem–ti år.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen og Tron Bårdgård. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 28.04.2022

Læringsressursar

Lagringsløysingar