Hopp til innhald

Dokumentarfilm

The Big Idea - The future of Car Safety

Framsteg innan teknologi og vitskap skjer i så stor hastigheit at det er vanskeleg å følgje med i utviklinga. I denne dokumentaren ser ein på teknologi som no blir utvikla for å gjere bilane endå tryggare i trafikken.

Om filmen

I serien The Big Idea reiser programleiar Justin Bratton over heile verda for å undersøkje store teknologiske idéar. I denne episoden, The future of Car safety, drar vi til Tyskland og Sverige for å møte nokon av dei største bilprodusentane i verda. Her får vi sjå korleis innovasjonsteamet deira jobbar for å gjere bilane våre endå sikrare og tryggare i trafikken.

Tryggleik før og no

Ein sikker bil blei tidlegare sett på som ein bil som beskytta deg viss uhellet var ute – at ein kunne kome uskadd ut av ein kollisjon. Teknologien i dag gir no moglegheit for at bilane kan hindre at du hamnar i ein kollisjon overhovudet.

Med til dømes kamera og radarer er det no mogleg at bilane automatisk kan stoppe dersom ein gjenstand over 80 centimeter blir oppdaga i vegbanen, utan at sjåføren sjølv har trykt inn bremsane.

Tryggleik for alle?

Ifølgje serien er det i dag fem gonger større sannsynligheit for å overleve ein bilkrasj på grunn av forbetringar som er gjort i bilkonstruksjonen. Med sjølvkøyrande bilar kan talet på bilulykker kuttast med 90 prosent, blir det sagt vidare.

Det er framleis mange spørsmål som må svarast på før sjølvkøyrande bilar blir ein realitet for alle. I dag er det berre dei dyraste bilane ein ser med denne typen teknologi. Skal tryggleik i bil vere berre for dei som har råd til dyre bilar?

Kven skal deretter stå som ansvarlege viss det skulle hende noko? Er det teknologien eller vi menneske som må stå til ansvar når vi ikkje lenger køyrer bilen, men bilane køyrer oss?

CC BY-SASkrive av Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 22.01.2020

Læringsressursar

Undervisningsfilm