Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Falske Nyheter

Aktuell dokumentarfilm om falske nyheiter, og om kva slags konsekvensar dette fenomenet kan ha for samfunnet.

LK20

Om filmen

I tillegg til å vere eit unikt globalt kommunikasjonsverktøy, har internett også blitt ein arena for såkalla "fake news", eller falske nyheiter. Falske nyheiter blir stadig meir vanleg, og det kan vere vanskeleg å skilje falske nyheiter frå truverdig journalistikk.

I staden for å byggje på fakta, inneheld falske nyheiter løgner, desinformasjon eller propaganda. Falske nyheiter blir spreidde raskt på internett gjennom sosiale medium.

Filmen drøftar kva for konsekvensar falske nyheiter har for samfunnet. Han ser òg på korleis vi kan oppdage og motverke falske nyheiter.

Sist oppdatert 21.06.2019
Skrive av Tina Andersson
Rettshavar: Norgesfilm AS

Læringsressursar

Undervisningsfilm