Hopp til innhald
Dokumentarfilm

Anne & Alet: Giftmorderne fra Arendal

Filmen handlar om nokre mystiske mord i Arendal i 1760-åra. Søstrene Anne og Alet hadde drepe fleire eldre kvinner med gifta fluekrut. Dokumentaren tek for seg rettsprotokollen, andre nedskrivne kjelder og mytar for å finne ut kva som eigentleg skjedde for omtrent 250 år sidan.

Om filmen

Anne & Alet: Giftmorderne fra Arendal fortel den sanne historia om to unge søstrer som vart arresterte for å ha forgifta og drepe fleire eldre kvinner. Dei tilstod i retten og vart begge dømde til døden ved lemlesting og halshogging. Dei vart avretta i 1771.

Gjennom rekonstruksjonar, intervju og illustrasjonar blir filmen fortald med Helge Jordals solide forteljarstemme.

Tematikk

Filmen utforskar viktige sider ved samfunnet på 1700-talet i Noreg, som rettssystemet, kvinnerolla og korleis frykt og fordommar kunne føre til tragiske hendingar.

Filmen viser òg menneskeleg vondskap, moral og konsekvensar av handlingar.

Relevant for fleire fag

Anne & Alet: Giftmorderne fra Arendal er ein nyttig film å bruke i undervisning, spesielt i faga historie, samfunnsfag og norsk.

Filmen gir eit levande bilete av kvardagslivet i Noreg på 1700-talet og opnar for diskusjonar om rettferd, moral og samfunn.