Minoritetar, mangfald og utanforskap
Filmane som er samla her, har noko til felles. Dei peikar alle på at respekt for andre menneske, og spesielt for dei som er annleis, er ein føresetnad for å skape eit inkluderande samfunn. På denne måten kan filmane bidra til forståing for kva som skaper diskriminering, fordommar og rasisme.