Hopp til innhald

Spelefilm

Another Day of Life

Året er 1975 og det har brote ut ein blodig borgarkrig i Angola. Den legendariske krigsreporteren Ryszard Kapuscinski dekkjer krigen på oppdrag for det polske nyheitsbyrået, PAP. Filmen handlar om dei tre månadene reporteren reiste gjennom det krigsherja landet.

Om filmen

Filmen byggjer på reportasjeboka Another Day of Life av krigsreporter Ryszard Kapuscinski (1932–2007).

I hovudstaden Luanda er det kaotiske tilstandar etter at det portugisiske koloniregimet har falle.

Trass i mange åtvaringar legg Kapuscinski ut på ei farleg reise til frontlinja. Målet med reisa er å få møte opprørsleiaren Farrusco.

Animert dokumentar

Another Day of Life er ein animert dokumentarfilm som blandar animasjonar med intervju og arkivmateriale.

Dette gir filmen eit originalt og eksperimentelt uttrykk.

Internasjonal heider

Another day of life hadde premiere på filmfestivalen i Cannes i 2018, til stor heider.

Filmen har vunne publikumsprisen på San Sebastian Film Festival og fått pris for beste europeiske animasjonsfilm på European Film Awards.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 16.10.2020

Læringsressursar

Krig og konflikt