The Grandmaster
Om filmen
The Grandmaster skildrar livet til Ip Man frå rundt 1936 til 1950-talet. Ip Man vart ei legende og meister innan kampsporten kung-fu.
På denne tida var det ein kamp mellom gamle og nye tradisjonar innanfor kampsporten, men også elles i Kina. Landet gjennomgår krigar og store forandringar etter fallet av det siste keisardynastiet i 1912. Ip Man må til slutt rømme til Hong Kong, der han lærer bort versjonen sin av kung-fu.
I ettertid er det laga fleire filmar om Ip Man, men han er kanskje framleis mest kjend som læraren til verdskjende Bruce Lee.
Kampsport som kunstart
“Kung-fu – to ord. Loddrett, vassrett. Gjer du ein feil, endar du vassrett. Hald deg på beina og du vinn”. Slik byrjar filmen. Og vi får absolutt servert mange kampscener, både vassrett, loddrett og på skrå i The Grandmaster.
Vi får òg sjå korleis kung-fu er meir enn kampsport og slåssing. Kung-fu er òg ein eigen kunstart og ein viktig del av kinesisk kultur og livsstil.
Oscar-bidrag
The Grandmaster var opningsfilm under Berlin International Film Festival i 2013.
I 2014 var filmen Hong Kong sitt Oscar-bidrag i kategorien beste utanlandske film.