Kampen om tungtvannet - NDLA film - NDLA

Hopp til innhald
Serier

Kampen om tungtvannet

Kampen om tungtvannet gjorde stor suksess da han blei vist på NRK vinteren 2015. Handlinga byggjer på historiske hendingar og verkelege personar. Tungtvassaksjonen mot anlegget til Norsk Hydro på Vemork er ein av dei mest kjende sabotasjeaksjonane frå andre verdskrigen.

Oversikt over episodane

Handlinga

Den tyske nobelprisvinnaren i fysikk, Werner Heisenberg, er leiar for det tyske atomprogrammet. Han treng tungtvatn til atomreaktoren han har fått i oppdrag å byggje. Den einaste måten Tyskland kan få tak i tungtvatn på, er å kjøpe frå fabrikken til Norsk Hydro på Vemork på Rjukan.

Vitskapsmann og motstandsmann Leif Tronstad blir uroa då han får høyre at tyskarane ønskjer å kjøpe tungtvatn. Saman med engelsk etterretning set Tronstad saman ei sabotasjegruppe som skal forsøke å sprengje tungtvassanlegget.

Sabotørane og dei allierte blir etterpå involverte i ei rekkje dramatiske aksjonar då dei prøver å hindre at tyskarane får tak i det verdifulle og farlege tungtvatnet.

Historiske hendingar som fiksjon

Serieskaparane som har laga Kampen om tungtvannet, har tillate seg nokre kunstneriske fridomar for å få historia til å fungere som TV-serie. Dette ser vi ved at nokre av hendingane blir vist annleis i serien enn slik det verkeleg gjekk føre seg.

Serien eignar seg godt til tverrfaglege oppgåver og diskusjonar i historie og mediefaga. Eit døme kan vere å opne for diskusjonar i klassen om korleis verda hadde sett ut i dag om Nazi-Tyskland hadde kome lenger i forskinga si på atomvåpen under andre verdskrigen. Og vidare, om vi ved å vektleggje kjeldekritiske prinsipp, kan seie at TV-serien framstiller dei faktiske historiske hendingane på ein påliteleg måte.

Skrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019