Hopp til innhald

Spelefilm

Saras Nøkkel

Jødiske Sara og familien hennar blir arresterte av fransk politi under massearrestasjonen av jødar i Paris, sommaren 1942. 60 år seinare får ein journalist i oppdrag å skrive om arrestasjonane og dei grufulle konsekvensane dei fekk for mange franske jødar.

Handling

Filmen startar med den berykta arrestasjonen av jødar i Paris, i juli 1942, også kalla Vel' d'Hiv. Vi møter Sara, ei 10 år gammal jødisk jente. Ho rekk akkurat å gøyme veslebroren, før ho sjølv og resten av familien blir arresterte av fransk politi.

Sara har låst broren inne i eit skap, og han blir derfor ikkje oppdaga av politiet. Sara må klare å kome seg attende, slik at ho kan låse broren ut av skapet. Denne oppgåva verkar nærmast umogleg i det vi ser at ho og familien blir sende av garde til konsentrasjonsleirane til nazistane.

60 år etter møter vi journalisten Julia Jarmond. Ved ei minnemarkering for arrestasjonane får ho i oppdrag å skrive ein artikkel om Vel' d'Hiv. Den tragiske og dramatiske historia til Sara vekkjer interessa til Julia. Plutseleg verkar ikkje 60 år som så lenge sidan, og Sara ikkje så langt borte.

Filmen er basert på boksuksessen til Tatiana de Rosnays med det same namnet. Romanen låg utrulege 90 veker på bestseljarlista til New York Times.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 26.05.2020

Læringsressursar

Krig og konflikt