Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Filmkjøkkenet

Dette er ein serie med fire korte filmar som på ein humoristisk måte gir oss ei innføring i filmspråket. Dei ulike episodane ser nærare på kameraføring, lyd, klipp og lys.

Om serien

Med god hjelp frå karakterane Herr Magelsen og Frøken Johnsen får ein i Filmkjøkkenet lære meir om korleis filmproduksjon går føre seg. I film blir både bilete og lyd brukte for å fortelje ei historie. Her får du innføring i både kamera og kamerabruk. Du lærer òg om korleis lyd og musikk kan brukast i film, og om korleis det definitivt ikkje bør gjerast.

Filmkjøkkenet ser òg nærare på etterarbeidet, til dømes korleis du kan skape kontinuitet når du klipper saman ein film. Du får òg god innføring i lys, og korleis du kan bruke lyset for å få fram dei beste bileta.

Sjangerleik

I Filmkjøkkenet er musikken og forteljarstemma svært lik dei populære Filmavisene frå 1950-talet. Filmavisene, eigentleg Norsk filmrevy, var vekentlege nyheitsoppdateringar som gjekk som forfilmar på kino i åra 1941 til 1963. Desse vart etter kvart erstatta av nyheitssendingar etter at fjernsynet offisielt vart lansert i 1960.

Tittelen på serien speler òg på det ikoniske Fjernsynskjøkkenet, som vart allemannseige på 1960-talet. Fjernsynskjøkkenet var eit norsk matprogram som gjekk på NRK i over 30 år, frå 1964 til 1998. Programleiar var Ingrid Espelid Hovig. Ho viste det norske folket korleis dei skulle lage ulike matrettar, gjerne med det som etter kvart vart signaturen hennar: ein liten persilledusk på toppen.

Oversikt over episodane i Filmkjøkkenet:

Episode 1

Episode 2

Episode 3

Episode 4

CC BY-SASkrive av Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 19.01.2023

Læringsressursar

Filmproduksjon