Hopp til innhald

Spelefilm

Den siste keiseren

Året er 1950, og keisar Puyi sit fengsla på grensa mellom Russland og Kina. Han er skylda for å vere forrædar og kontrarevolusjonær og går gjennom ei rekkje avhøyr. I fengselet ser Puyi tilbake på livet sitt.

Om filmen

Allereie som treåring blir Puyi krona som keisar i Kina i 1908. Han veks opp i Den forbodne by, ein stad han etter reglane aldri kunne forlate.

Den siste keiseren er ein tankevekkjande film om keisar Puyis liv. Vi ser korleis strenge tradisjonar legg føringane for hoffet og set tydelege rammer for Puyi i oppveksten. Livet hans er strengt regulert, og han kan i lita grad ta eigne val.

Når han er sju år, blir Kina republikk, og Puyi abdiserer. Han blir likevel buande vidare ei stund i Den forbodne by, som eit viktig symbol i ei kaotisk tid for det kinesiske folket.

I tillegg til å fortelje historia om keisar Puyi er Den siste keiseren òg ein film om Kinas moderne historie. Gjennom filmen ser vi korleis makta i Kina blir flytta frå monarkiet til republikken, og korleis statskupp og konfliktar mellom ulike krigsherrar dominerer det kinesiske samfunnet i ei årrekkje.

Oscarvinnar

Den siste keiseren blei påskjønt med ni Oscar-prisar i 1988. Filmen fekk mellom anna pris for beste film, beste regi og beste manus.

Filmen er regissert av den italienske filmskaparen Bernardo Bertolucci.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 04.01.2022

Læringsressursar

Filmhistorie