Hopp til innhald

Spelefilm

Ni liv

Ni Liv fortel den sanne historia om motstandsmannen Jan Baalsrud, som etter eit mislykka sabotasjeoppdrag ved kysten i Troms i 1943 må flykte frå nazistane og kome seg over fjella og i sikkerheit i Sverige.

Handlinga

Seinvinteren 1943 reiser Jan Baalsrud og hans 11 medsamansvorne motstandsfolk med fiskebåten Brattholm frå Shetland til Toftefjorden nord for Tromsø. Dei er på sabotasjeoppdrag, og blant mennene er det soldatar frå Kompani Linge, i tillegg til eksplosiv og anna utstyr frå heimefronten. Målet er blant anna å sprengje Bardufoss flyplass og sjøflyhamna Skatøyra utanfor Tromsø. Mennene blir angjevne, og tyskarane angrip dei. Jan Baalsrud, som då er 26 år, er den einaste som slepp unna angrepet, til trass for at ei tysk kule har rive av den eine stortåa hans. Han klarer likevel å svømme i sikkerheit over eit sund med isvatn, og set kursen vidare austover i retning det nøytrale Sverige.

Undervegs får han hjelp av lokalbefolkning, frå jordmødrer til fiskarar. Men sidan han er ettersøkt av nazistane, prøver han å kome seg austover aleine. Dei patruljerande tyskarane søkjer etter all mistenkeleg aktivitet, og Baalsrud bør ikkje bli sett saman med andre menneske. Han får låne eit par ski, og tek fatt på ferda over fjellet. På ferda blir han snøblind, og til slutt er han heilt avhengig av hjelp frå andre. Seinare, under ein snøstorm, må han halde seg i ly i to veker. Her blir han nøydd til å skjere av seg tærne sine for at han ikkje skal døy av kaldbrann.

Nærare svenskegrensa må Baalsrud bli frakta i ein kjelke. Frykteleg uvêr, logistikkproblem mellom nabodalane og eit sterkt tysk nærvær set på nytt ein stoppar for progresjonen. Baalsrud må gøymast i ei snøhole, og her blir han liggande i fleire veker aleine før han kan få meir hjelp. Imponerande nok overlever Baalsrud desse påkjenningane, og til slutt, etter fleire mislukka forsøk, lukkast det samar å få frakta han over grensa i skjul av ein reinsdyrflokk.

Om filmen

Ni liv er basert på boka ”We die alone”, ei attforteljing av flukta til Jan Baalsrud. Boka er skriven av den britiske forfattaren David Howarth, og blei gjeven ut i 1955.

Baalsrud blir spelt av Jack Fjeldstad (1915 – 2000), som var ein velrennomert teaterskodespelar så vel som filmskodespelar. I 1985 blkei han slått til riddar av St. Olavs Orden for innsatsen sin innan norsk filmkunst.

Det som har bidrege til å gjere filmen så verdsett, er at sjølv om hovudpersonen i filmen, Jan Baalsrud, er ein real hardhaus, så er han avhengig av hjelp frå alminnelege menneske. Han er ein stor helt, men han har òg si tolegrense. Skotskade, snøblindheit, kaldbrann og uvêr set en stoppar for moglegheitene hans til å klare flukta til Sverige åleine. Vanlege norske kvinner og menn kjem han til unnsetning, og i ein felles strabasiøs og farefull dugnad lukkast dei i å få transportert krigshelten i sikkerheit.

Regissør Arne Skouen fortel altså ikkje først og fremst ei historie om ein norsk helt. Dette er vel så mykje ei historie om norsk risikovilligheit og kvardagsfolk sin oppofrande krigsinnsats. I tillegg er Skouen sitt meisterverk ein visuell ambassadør for den storslåtte norske naturen, sjølv om opptaka er i svart-kvitt. Ni liv frå 1957 vert rekna som ein av Skouen sine mest sentrale bragder. Filmen blei Oscar-nominert (i 1957), og er seinare blitt kåra til Noregs beste film gjennom tidene (både i 1991 og 2005).

Historia om Jan Baalsrud blei filmatisert på nytt i 2018. Filmen er regissert av Harald Zwart, og fekk tittelen Den 12. mann.

Arne Skouen

Filmskaparen, forfattaren og journalisten Arne Skouen (18. oktober 1913 – 24. mai 2003) levde eit svært kreativt og produktivt liv. Han vaks opp i Oslo, og foreldra hans stimulerte han tidleg til å fatte interesse for litteratur, skodespel og musikk. Berre 19 år gamal fekk han gjeve ut den første boka si, ungdomsromanen Gymnasiast.

I åra som følgde skreiv han endå fleire romanar, i tillegg til skodespel, samstundes som han var tilsett i ulike stillingar i Dagbladet og Verdens Gang. Skodespelet Gullstolen skulle setjast opp i 1943, men det blei stoppa av nazistane. Same år rømde Skouen til Sverige. Han var då ein aktiv heimefrontkjempar. I Sverige blei kreativiteten hans endå meir stimulert i det kunstnariske miljøet i Stockholm. Det var her han fekk sine første erfaringar med filmarbeid.

I krigsåra var han ein del i London, Washington og New York, men òg i Hollywood, der han tileigna seg mykje informasjon rundt filmproduksjon. Etter at han kom tilbake til Noreg i 1946, tok det berre tre år før han, saman med makkeren Ulf Grever, regisserte debutfilmen Gategutter, basert på Skouen sin eigen roman. Etter dette skulle Skouen skrive og regissere ei rekkje filmar, og han blei fort ein av dei aller mest framståande filmskaparane i denne tida. Fleire av filmane hans har til felles at han ønskjer å på ulike vis fortelje om enkeltindivid sin kamp mot overmakta. Den svake sin rett har gong på gong stått i sentrum, enten det har vore formidla med humor eller alvor.

Med filmatiseringa av Johan Falkberget sin roman Ann-Magritt avslutta Arne Skouen regigjerninga si så tidleg som i 1969. Innverknaden hans på norsk filmhistorie er ikkje gløymd, og han og filmane hans er fleire gonger i ettertid blitt heidra for tydinga dei har hatt.

Relatert innhald

Norsk klassikar om gutar på austkanten i 20-åra.

CC BY-NC-SASkrive av Per Olav Heimstad og Norsk filminstitutt. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 27.08.2020

Læringsressursar

Filmhistorie