Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Kon-Tiki (1950)

I filmen følgjer vi Thor Heyerdahl og mannskapet hans på fem på ekspedisjon frå Peru til stillehavsøya Raroia. Utgangspunktet for reisa var at Heyerdahl hadde ein eigen teori om folkevandring i Stillehavet. Filmen vann Oscar i 1951 for beste dokumentarfilm.

Om filmen

Heyerdahl hevda at dei polynesiske øygruppene ikkje var blitt folkesett frå Asia, som det var einigheit om i dei etablerte forskarmiljøa. Derimot meinte han at øybuarane like gjerne kunne ha komme drivande frå Sør-Amerika på enkle farkostar av balsatre. For å bevise teorien bygde Heyerdahl og dei fem kameratane hans i 1947 balsaflåten Kon-Tiki etter tradisjonelle indianarprinsipp og la ut på seiltur. Namnet til flåten var henta frå eit gammalt segn om inka-indianarane sin solgud, Tiki. Etter å ha lagt bak seg 101 døgn og rundt 8000 km på ope hav enda ekspedisjonen på Raroia.

Opptaka frå sjølve ekspedisjonen er ifølgje Heyerdahl gjeve att slik dei er spelte inn, med smalfilmkamera under forløpet til ferda. Resultatet er meint å skulle spegle dei problema ein amatørfotograf møter på ein flåte i open sjø. I ettertida har fleire filmkritikarar hylla filmen for det spektakulære innhaldet, sjølv om den tekniske kvaliteten kanskje ikkje er den beste. Eksempelvis meinte den franske filmteoretikaren Andre Bazin at filmen med det primitive biletuttrykket sitt var «den vakraste av alle filmar, sjølv om han slett ikkje var nokon film.» I tillegg til den norske versjonen blei filmen også laga i ei amerikansk og fransk utgåve. Kinofilmen fekk merksemd verda over, og amatøropptaka frå ferda (den amerikanske versjonen) blei i 1951 lønna med ein Oscar-statuett, i kategorien beste dokumentarfilm.

Dramaturgi

Filmen startar i eit akademisk forskarmiljø, der Heyerdahl presenterer bakgrunnen for ferda, mannskapet og kva som blei gjort før flåten kunne sjøsetjast. Deretter følgjer vi ekspedisjonen og mannskapet sine opplevingar på havet. Publikum får innblikk i mannskapet sine møter med nye fiskeartar og oppdagingar undervegs, dagane om bord og korleis dei løyser praktiske oppgåver. Dei presenterer også tankane sine undervegs. Mot slutten blir det forklart korleis flåten når øya Raroia, og korleis ekspedisjonen kjempar for å komme i land. Vi får også oppleve kulturopplevingane til mannskapet på Raroia, og korleis dei ser på møtet med «dei andre». Til slutt gir Heyerdahl ei oppsummering av kva som var formålet med ekspedisjonen, kva for teoriar han meiner ferda belyste, og kvifor reisa kan vere interessant for forskarmiljøa. Oppsummeringa er filma i dei same akademiske omgjevnadene som introduksjonen til filmen.

Filmatiske verkemiddel

Filmen består av enkle, nesten primitive bilete som viser Kon-Tikis ferd. Desse er kjølig dokumenterande, og fortel på ein god måte kva som skjer undervegs. Bileta får selskap av ei forklarande kommentarstemme som bind biletinntrykka saman. I løpet av flåteferda traff mannskapet på dramatiske hendingar, der kameraet gjerne måtte leggjast til side. Forteljarstemma bind dermed også dei bevarte bileta saman med hendingar som ikkje er blitt festa til filmrullane.

I tillegg til filmopptaka inneheld den ferdige filmen også mange fotografi. Eksempelvis er introduksjonen til filmen, der Heyerdahl presenterer prosjektet og mannskapet, spelt inn tre år etter ekspedisjonen. På den tida hadde ekspedisjonsmedlem Bengt Danielsson flytta til ei sydhavsøy. For å gi publikum eit inntrykk av Danielsson er han gjord biletleg med eit foto.

Undervegs på ferda opplevde ein også fleire kraftige stormar, der blant anna alle opptak gjorde på fargefilm blei øydelagde. Særleg gjekk det utover opptaka som viste mannskapet sitt liv inni den lille bambushytta ombord. Sidan ekspedisjonen også hadde med seg fotoapparat på reisa, er det i den ferdige filmen klipt inn fotografi av mannskapet i hytta. Slik har ein kunna visualisere og dokumentere hendingar det ikkje er bevart filmopptak frå.

Filmen si innleiing og avslutning er spelte inn i det same akademiske miljøet. Dette forsterkar at ekspedisjonen hadde ein vitskapleg bakgrunn: Innleiingsvis blir også den vitskaplege ramma for prosjektet presentert. Avslutningsvis blir det antyda kva ferda kan bidra med for vitskapen. Ved å plassere desse scenane i eit miljø som openbert skil seg frå sjølve reisa, blir det også poengtert at ferda for lengst var avslutta då filmprosjektet blei laga.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Norsk filminstitutt og Sita Jacobsen. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 24.08.2020

Læringsressursar

Filmhistorie