Mary Shelley - NDLA film - NDLA

Hopp til innhald
Spillefilm

Mary Shelley

Kostymedrama om kjærleiksforholdet mellom Mary Wollstonecraft Godwin og Percy Shelley. Gjennom forholdet henta Mary inspirasjon til å skrive den gotiske romanen Frankenstein.

Om filmen

På ei reise til Skottland møter 16 år gamle Mary Wollstonecraft Godwin den fem år eldre poeten Percy Shelley. Dei to får raskt varme kjensler for kvarandre.

Tilbake i London dukkar Percy ein dag opp heime hos Mary og familien. Det viser seg at Percy er gift. Mary må velje mellom å leve saman med ein gift mann eller å behalde kontakten med faren. Mary vel å følgje hjartet sitt, og ho rømmer av garde med Percy.

Først flyttar dei inn i eit fattig strøk, før Percy ordnar eit luksuriøst hus til dei i Bloomsbury. Det viser seg at etter kvart at Percy har opparbeidd seg stor gjeld og fått kreditorane på nakken. Livet som frigjord kvinne i eit forhold med ein gift mann blir ikkje heilt slik Mary såg for seg.

Frankenstein

I tillegg til å fortelje historia om forfattaren Mary Wollstonecraft handlar filmen om kva som inspirerte henne til å skrive Frankenstein.

I 1818 blir den gotiske romanen Frankenstein gitt ut. Dei første utgivingane var med anonymt forfattarnamn, før det etter kvart blei kjend at det var Wollstonecraft som hadde skrive han.

Filmen minner oss på kva kvinnesyn som fanst i England tidleg på 1800-talet, og kor vanskeleg det var for kvinnelege forfattarar å bli tekne seriøst og å få gitt ut bøkene sine.

Skrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.10.2021