Hopp til innhald

Spelefilm

En natt i Berlin

En natt i Berlin er ein eksperimentell film som er spelt inn i éi lang taking. Spanske Victoria er på nattklubb og blir kjend med ein kameratgjeng når ho er på veg heim. Stemninga endrar seg raskt frå moro til farleg når ei teneste må betalast tilbake.

Om filmen

Victoria skal vere i Berlin i tre månader. Ho jobbar på ein kafé og kjenner eigentleg ingen i Berlin. Ei natt når Victoria skal sykle heim frå ein nattklubb, møter ho Sonne og kameratgjengen hans. Ho kjem i snakk med gutane og tek følgje med dei heimover. Victoria og Sonne finn raskt tonen.

Det er god stemning, og Victoria følgjer med gutane på ferda gjennom Berlin. På vegen dreg dei innom ein butikk og stel med seg øl. Etterpå snik dei seg opp på eit tak med utsikt over byen.

Etter ei stund må Victoria dra for å opne kaféen der ho jobbar. Sonne bestemmer seg for å følgje henne til kaféen.

Vendepunktet

Bokser, ein av kameratane til Sonne, har tidlegare sete i fengsel. I fengselet var det nokon som verna han, og Boxer skyldar no desse menneska ei teneste. Sonne må derfor brått dra frå kaféen for å hjelpe Boxer med å innfri tenesta som han skyldar.

Alt går derimot ikkje heilt som planlagt, og Victoria blir stilt overfor eit skjebnesvangert val. Skal ho hjelpe gutane ut av den vanskelege situasjonen dei har hamna i?

Eksperimentell film

Mange kritikarar har rosa filmskaparane for den eksperimentelle måten En natt i Berlin er laga på. Filmen varer i 140 minutt, og heile handlinga er faktisk spelt inn i éi einaste lang taking med handhaldt kamera.

Filmen er regissert av den tyske regissøren, manusforfattaren og skodespelaren Sebastian Schipper. Det er nordmannen Sturla Brandth Grøvlen som er fotografen i filminnspelinga. Grøvlen fekk Sølvbjørnen ved den internasjonale filmfestivalen i Berlin (2015) for arbeidet med filmfoto til filmen.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 02.06.2022

Læringsressursar

Filmanalyse