Hopp til innhald

Kortfilm

Sinna mann

Sinna mann er basert på ei biletbok av Gro Dahle og Svein Nyhus. Filmen handlar om den vesle guten Boj som bur i ein heim der far slår mor. Det er den norske animatøren og regissøren Anita Killi (f. 1968) som har laga filmen.

Handling

Sinna mann handlar om korleis det er for eit barn å vekse opp i ein familie med vald og utryggleik, eit tema som er trist og som kan vere vanskeleg å snakke om. Filmen viser at sjølv om det ser mørkt ut, så kan det vere hjelp å få.

Boj bur saman med mora og faren sin. Nokre gonger forandrar faren seg fullstendig. Han blir eit rasande monster som slår mammaa til Boj. Når han først har blitt sint, så klarer han ikkje å stoppe, men etterpå angrar faren på oppførselen sin.

Boj er livredd og bekymra for at alt saman kanskje er hans feil. Er pappa sint fordi Boj ikkje er snill nok? Til slutt bestemmer han seg for å sende eit brev til sjølvaste kongen:

Kjære Kongen!

Pappa slår. Er det mi skuld?

Hilsen Boj.

Relatert innhald

I denne oppgåva skal du sjå nærare på karakterutvikling og bruk av visuelle og auditive virkemiddel i teiknefilmen Sinna mann.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 19.12.2018

Læringsressursar

Filmanalyse