Hopp til innhald

Spelefilm

Flukten fra Øst-Tyskland (Ballon)

To familiar planlegg å flykte frå Aust-Tyskland i ein heimelaga luftballong. Flukten fra Øst-Tyskland byggjer på ei sann historie og var ein stor publikumssuksess då han gjekk på kino i Tyskland.

Om filmen

I byrjinga av filmen får vi vite at det i perioden 1976–1988 var nesten 40 000 menneske frå Aust-Tyskland som mislykkast i å flykte til Vesten. Styresmaktene i DDR rekna dei som forrædarar. Fleire blei drepne i rømmingsforsøket, mens andre blei sette i fengsel.

Dette er bakteppet for den tyske spelefilmen Flukten fra Øst-Tyskland, som byggjer på faktiske hendingar. To familiar frå Aust-Tyskland bestemmer seg for å byggje ein luftballong i all hemmelegheit. Målet er at dei ved hjelp av ballongen skal klare å flykte til Vesten. Flukta krev nøye førebuingar, og utfordringane står i kø. Det er informantar overalt, og Stasi byrjar å bli mistenksame.

Filmen blei sett av over éin million menneske då han gjekk på kino i Tyskland.

Tyskland etter andre verdskrigen

Gjennom å sjå filmen kan du bli betre kjent med konsekvensane av oppdelinga av Tyskland etter andre verdskrigen og opptakten til Berlinmurens fall, 9. november 1989.

Filmen kan bidra med perspektiv som er relevante innanfor det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap. Dette kan til dømes vere problemstillingar knytte til overvaking og totalitære samfunn, eller å sjå omgrepa kommunisme, sosialisme og demokrati i ein historisk samanheng.

Filmanalyse

Flukten fra Øst-Tyskland er ein film som byr på ei fargerik framstilling av 70-talet. Spenninga i filmen er bygd opp gjennom ein tradisjonell dramaturgi, og han har fleire hovudkarakterar og bikarakterer.

I ein mediefagleg samanheng opnar filmen for analysar av korleis han framstiller Aust-Tyskland, av dramaturgien av filmen og av karakterar.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 06.01.2022

Læringsressursar

Filmanalyse