Namn på hjørne og sider i trekantar - Matematikk 1T-Y - EL - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Namn på hjørne og sider i trekantar

I systemet for namnsetjing av hjørne og sider i trekantar, bruker vi stor og liten versjon av bokstavane a, b og c.

Det er lurt å ha eit system når vi set namn på hjørne og sider i trekantar. Hjørna namngir vi med store bokstavar, og sidene med små bokstavar. A kan òg vise til vinkelen A eller A.

I staden for trekant ABC skriv vi ofte ΔABC.

I ΔABC kallar vi sida BC for a, sida AC for b og
sida AB for c.

Finn du systemet?

Sida a er den motståande sida til hjørnet A, sida b er den motståande sida til hjørnet B, og sida c er den motståande sida til hjørnet C. Dette gjeld anten trekanten er rettvinkla som på figuren over, eller ikkje.

Skrive av Stein Aanensen, Olav Kristensen og Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 03.07.2019