Oppgave
Fakta om innvandring
Statistisk sentralbyrå (SSB) har mange faktaopplysningar om innvandring og innvandrarar.
Gå til SSB-sida Faktaside om innvandring og innvandrarar.
- For å lage statistikk om innvandring har SSB valt å dele inn alle registrerte personar busett i Noreg i tre hovudkategoriar. Kva namn har desse tre hovudkategoriane fått, og kan du seie litt om grunngivinga for denne inndelinga?
- Ranger verdsdelane etter landbakgrunn for innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som bur i Noreg i dag.
- Kor mange innvandrarar bur i Noreg i dag? Kor mange norskfødde med innvandrarforeldre bur i Noreg i dag?
- Sjå på den grafiske framstillinga "Innvandring og utvandring". I kva år har innvandringa til Noreg vore fleire enn 50 000 personar? I kva år har nettoinnvandringa til Noreg vore fleire enn 25 000 personar? I kva år var utvandringa større enn innvandringa?
- Kor stor del av dagens totalbefolkning er innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre? Kor stor del av totalbefolkninga i 2060 er innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre etter det SSB ser på som ei sannsynleg utvikling? Sei litt om kva SSB legg til grunn for tala for befolkninga av Noreg i framtida.
- Studer diagrammet "Landbakgrunn for innvandrere og norskfødte med innvandrerforeldre". Kva har endringa i talet på innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre vore for dei åtte områda i verda dei siste fem åra? Gi òg endringa i prosent. Frå kva område er endringa i prosent størst?
- Studer diagrammet "Landene med flest innvandrere til Norge". På kva måte skil Pakistan seg ut? Kva kan årsakene til dette vere?
- Studer diagrammet "Innvandrere etter innvandringsgrunn". Kva er meint med grunnen "Familie"? Kva kan årsaka vere til at han ligg så høgt?
- Studer diagrammet "Sysselsetting etter landbakgrunn". Er det nokon land/område som skil seg ut?
- Korleis har utviklinga av arbeidsløysa mellom innvandrarar vore dei siste fem åra?