Sosialantropologien sine grunnleggjarar - Sosiologi og sosialantropologi - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Sosialantropologien sine grunnleggjarar

På slutten av 1800-talet vaks den moderne sosialantropologien fram. Interessefeltet skifta frå industrisamfunnet til meir eksotiske samfunn, som indianarsamfunn i Sør-Amerika, og interessa auka for studiar av meir generelle utviklingstrekk i samfunnet.

Mennesket har alltid vore nysgjerrig på andre folkeslag og kulturar, anten det har vore basert på eit reint ønske om kunnskap, på kjærleik eller frykt. I så måte kan antropologien si historie bli trekt langt tilbake. Den greske historikaren Herodot (484–420 f.Kr.) var til dømes nøye i dei etnografiske skildringane sine av framande folkeslag, og kan på den måten bli sett på som ein pioner på dette området. Dei fleste faghistoriene begynner likevel langt seinare enn som så. Vi skal til eit knippe tenkjarar som hadde stordomstida si på midten av det nittande og tjuande hundreåret.

Nokre stamfedrar

Lewis Henry Morgan (1818–1881)

Morgan, ein amerikansk forskar, utvikla ein teori om samfunnsutvikling. Han meinte alle samfunn utvikla seg gjennom tre stadium: den ville tilstanden, barbariet og sivilisasjonen. I den ville tilstanden levde menneska av jakt og sanking. Jordbruket blei den dominerande produksjonsmåten under barbariet, mens kjenneteiknet på sivilisasjonen var at menneska hadde innført skrivekunsten og staten.

Ein av grunnane til at Morgan var viktig for utviklinga i antropologien, var interessa hans for ikkje-industrielle samfunn. Antropologane blei i større grad enn sosiologane opptekne av framande og eksotiske samfunn. For desse forskarane blei tema som kultur, religion og ritual i forskjellige samfunn sentralt.

Edward Tylor (1832–1917)

Tylor, ein britisk antropolog, skreiv eit verk som han kalla Primitive Culture. Her presenterte han ein klassisk definisjon på kultur:

"(…) den komplekse helheten som består av kunnskaper, trosformer, kunst, moral, jus og skikker, foruten alle de andre ferdighetene som et menneske har tilegnet seg som medlem av et samfunn."

Denne tidlege definisjonen blir framleis sett på av mange som ei brukbar forklaring på kva kultur er.

Tylor var, som mange andre på denne tida, ein evolusjonist. Han var direkte påverka av Charles Darwin og trudde på det ein har omtalt som sosial evolusjon, nemleg at mennesket utvikla seg i ei bestemd retning. Dei europeiske samfunna hadde kome lengst i ei utviklingskjede der den "ville tilstanden" var begynninga. Her må vi understreke at Tylor ikkje gjorde noko omfattande feltarbeid på eiga hand, sjølv om det i dag er ein av antropologien sine fremste metodar.

Den moderne antropologien veks fram

I løpet av dei første tiåra av 1900-talet vaks den moderne antropologien fram. For dei europeiske stormaktene gjorde koloniseringa av Afrika og Asia det mykje enklare å utføre feltstudiar av eksotiske folkeslag og kulturar. I tillegg var dette undersøkingar koloniherrane i aller høgaste grad kunne dra nytte av.

I USA var føresetnadane for antropologiske undersøkingar annleis. Dei europeiske nybyggjarane hadde lagt mange av dei indianske samfunna i ruinar. Hos mange indianarfolk var det berre restar att. Derfor var det viktig å kartleggje indianske samfunn og kulturar før dei forsvann for godt. I denne perioden var det spesielt to antropologar som stakk seg fram: Franz Boas og Bronislaw Malinowski. Desse to blir ofte sette på som dei sentrale personane i framveksten av moderne antropologi.

Franz Boas (1858–1942)

Franz Boas var opphavleg frå Tyskland, men flytta til USA for å studere amerikanske urfolk. Feltarbeida hans omfatta ikkje berre indianske folk, men òg amerikanske inuittar. Mange ser på han som grunnleggjaren av amerikansk kulturantropologi. I tillegg har mange kjende antropologar vore elevar av Boas, deriblant Ruth Benedict og Margaret Mead. Han er vidare kjend som grunnleggjaren av "culture and personality"-skulen. Eit hovudtema i denne retninga er studiet av kva betydning barneoppseding har for kulturell variasjon.

Boas har òg medverka med historisk partikularisme. Dette er kort og godt eit syn som går imot den evolusjonistiske tankegangen som mange antropologar før ham var prega av. Han meinte derimot at kvart einskild samfunn har si eiga historie og går ikkje gjennom bestemde fasar, slik mellom anna Lewis Henry Morgan meinte. I denne samanhengen har Boas òg formulert ein teori som også i dag er mykje brukt som ein metodisk grunnsetning: kulturrelativismen. Denne teorien handlar om at ulike samfunn og kulturar må bli forståtte ut frå deira eigen logikk. Det blir derfor feil å vurdere dei ut frå kvar dei er på ein evolusjonistisk rangstige. Alle samfunn utviklar seg på sin eigen måte. Her kan ein sjå at Boas var imot den rasismen som prega tankegangen til mange av kollegaane hans på denne tida.

Bronislaw Kaspar Malinowski (1884–1942)

Malinowski blir ofte omtalt som grunnleggjaren av den europeiske antropologien, og det er spesielt synet hans på korleis antropologen skal innhente informasjon om andre folk, som har prega den moderne antropologien. Han meinte at forskaren måtte delta i ein langvarig deltakande observasjon, noko han sjølv gjorde under feltarbeida sine (1915–1918) på Trobiandøyene utanfor Ny-Guinea.

Ifølgje Malinowski måtte antropologen streve etter tett og langvarig kontakt med lokalsamfunnet. For å forstå det samfunnet ein skulle forske på, var det naudsynt å bruke mykje tid saman med forskingsobjekta. På den måten ville det bli lettare for antropologen å gjere seg kjend med dei ulike sidene ved det aktuelle samfunnet enn om ein berre var innom for ein kort periode eller berre las skildringar av andre som hadde vore der. Dette var uansett noko tidlegare antropologar ikkje hadde lagt like stor vekt på. Malinowski sette derfor ein ny standard, der forskingsarbeida var meir inngåande enn kva som hadde vore tilfellet med tidlegare antropologar. Sjølv om delar av arbeidet hans har blitt kritisert i ettertid, er idealet om eit langvarig feltarbeid eit av dei fremste bidraga hans til antropologien, og er den dag i dag eit ideal for antropologar som skal ut i felten.

Litteraturliste

Eriksen, T. H. (2004). Små steder – store spørsmål. Innføring i sosialantropologi. Universitetsforlaget.

Skrive av Leonhard Vårdal og Kai Arne Ulriksen.
Sist fagleg oppdatert 16.04.2021