Kva er sosialantropologi? - Sosiologi og sosialantropologi - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er sosialantropologi?

Sosialantropologien har mykje til felles med sosiologien. Opphavet er dei same to orda som i sosiologi, men i tillegg har sosialantropologien enno eit gresk ord med seg: "antrophos", som betyr menneske. Sosialantropologi betyr altså læra om mennesket i samfunnet.

Likskap mellom sosialantropologi og sosiologi er at mange av dei temaa vi studerer, er like. Begge faga fokuserer på studiet av menneskeleg samhandling og sosial organisasjon.

Det som er ulikt, er at i sosialantropologien har teoriane blitt brukt på samfunn som skil seg ut frå dei vestlege. Sosialantropologane er spesielt opptekne av korleis kultur er med og formar samfunn.

Ein annan skilnad mellom faga, er metodeval. Sosialantropologane bruker feltarbeid som metode i stor grad, og for å studere kultur og samfunn på nært hald, må forskaren opphalde seg i det miljøet han eller ho skal studere.

Skrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 15.04.2021