Kva er sosiologi?
Innhaldet i sosiologien er i hovudsak studiet av forholdet mellom individ og grupper av individ. Hovudtemaet i alle sosiologiske studium kan derfor seiast å vere sosiale relasjonar eller sosiale samanhengar. Men sosiologien legg også vekt på å beskrive og forklare verkelegheita, og derfor er metode ein sentral del av faget. Over tid har metoden blitt utvikla til ein viktig reiskap når vi skal skaffe oss ei mest mulig objektiv beskriving av samfunnet.
Fordi menneska og deira reaksjonar og handlingar er eit resultat av historiske, kulturelle, økologiske, biologiske og psykologiske prosessar, kan vi vanskeleg gjennomføre ein sosiologisk analyse utan å ta omsyn til dette. Derfor har det utvikla seg grensevitskapar som ligger i området mellom sosiologi og dei andre fagområda, som til dømes religionssosiologi, kultursosiologi og språksosiologi.