Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er ein case i sosiologi og sosialantropologi?

Ein case er eit tenkt døme eller eit døme henta frå røynda som kan brukast til å beskrive og studere ein situasjon.
Ei jente tek notat mens ho snakkar med ei anna jente på videochat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Case i samfunnsvitskapen

Ofte blir case-døme brukte i oppgåver for å skape refleksjon og diskusjon om eit tema. I eit jobbintervju blir ein ofte presentert for ulike casar av arbeidsgivar for å simulere ulike typar situasjonar ein tilsett kan møte i stillinga. Bruk av casar i samfunnsvitskapen er ei form for øving på røyndomsnære situasjonar som ein kan møte, til dømes som sosiolog eller sosialantropolog.

Ein kan òg gjennomføre case-studiar i samfunnsvitskapen, der ein samanliknar ulike kasus (casar) med kvarandre (komparative case-studiar) eller undersøkjer eitt enkelt tilfelle i ein studie. Ein bruker ofte ein kombinasjon av kvalitative og kvantitative metodar i ein case-studie.

Kjelde

Wæhle, E., Dahlum, S. & Grønmo, S. (2020, 14. mai). Case-studie. I Store norske leksikon. https://snl.no/case-studie

CC BY-SASkrive av Ida Baalsrud.
Sist fagleg oppdatert 09.06.2021

Læringsressursar

Om faget