Om sosiologi og sosialantropologi på NDLA
Kjerneelementa i læreplanen utgjer hovudemna i sosiologi og sosialantropologi på NDLA. Underemna har namn etter dei ulike temaa i læreplanen. Dei er som følger:
Samfunnsvitskapleg metode og kjeldebruk
Sosialisering og medborgarskap
Kulturforståing og interkulturell kompetanse
Sosiale strukturar, aktørar og handling
I tillegg har vi eit "om faget"-emne der du finn litt om kva sosiologi og sosialantropologi er.
LK20 blei innført i faget frå skulestart 2021. Då kom det inn nokre nye omgrep. Det gjeld marginalisering og utenforskap, interkulturell kompetanse og berekraftig utvikling. Urfolk har også fått større plass innan emnet om kulturforståing.
Samtidig vil du møte omgrep som sosialisering og identitet, sosiale avvik, kultur og kulturelt mangfald, lagdeling og klasse, fordeling av gode og arbeidsdeling.
I tillegg til fagartiklar har vi ulike typar oppgåver der det er mogleg å utforske og gå i djupna. Vi har også anna innhald, som undervisningsfilmar, animasjonar og podkastar.
Alle dei tre tverrfaglege temaa er sentrale i sosiologi og sosialantropologi, og vi reflekterer det i innhaldet på NDLA.
Sosialisering og identitetsdanning og korleis vi kommuniserer, har samanheng med folkehelse og livsmeistring.
Demokrati og medborgarskap handlar om demokratiske verdiar og spelereglar i eit mangfaldig samfunn, og om korleis det å vere ein aktiv medborgar kan motverke utenforskap.
Når det gjeld berekraftig utvikling, skal vi sjå på det i samanheng med sosiale forskjellar. På sidene våre ser vi det i samanheng med dei ulike dimensjonane i FNs berekraftsmål.
Sosiologi og sosialantropologi høyrer til same faggruppe som sosialkunnskap, samfunnsgeografi og politikk og menneskerettar. Tek du to av desse faga over to år, gir dette fordjuping i eitt programområde. Kva for nokre av desse faga du kan velje, er avhengig av fagtilbodet til skulen.