Yrkesliv i helsearbeidarfag (HS-HEA vg2)
Felles programfag saman med:Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2)ogKommunikasjon og samhandling (HS-HEA vg2)
I arbeid med mennesker
For å dekkje det heilskaplege omsorgsbehovet til brukarane og leggje til rette for eit aktivt liv skal du samarbeide med både brukarar, pårørande og fagpersonar frå ulike sektorar. Bruk av velferdsteknologi og andre hjelpemiddel er òg ein sentral del av arbeidsdagen til ein helsefagarbeidar.
Dokumentasjon av arbeidet
Helsepersonellova seier at du som helsefagarbeidar har plikt til å dokumentere helsehjelpa du gir til brukarar og pasientar. Du skal dokumentere alle relevante observasjonar og tiltak du har sette i verk. Du skal òg dokumentere og grunngi dersom planlagde tiltak ikkje blir gjennomførte.