Hopp til innhald

I arbeid med mennesker

For å dekkje det heilskaplege omsorgsbehovet til brukarane og leggje til rette for eit aktivt liv skal du samarbeide med både brukarar, pårørande og fagpersonar frå ulike sektorar. Bruk av velferdsteknologi og andre hjelpemiddel er òg ein sentral del av arbeidsdagen til ein helsefagarbeidar.

Frivilligheit

Frivillig arbeid har ei sentral rolle i det norske samfunnet, og frivillige organisasjonar er ein viktig ressurs i helse- og omsorgstenesta. Over halvparten av befolkninga er engasjert i ulike frivillige aktivitetar, og styresmaktene har som mål å få med endå fleire.