Hopp til innhald

Arbeidsplassar for helsefagarbeidaren

Det er mange ulike arbeidsplassar som kan vere aktuelle for deg når du har bestått fagprøva og motteke autorisasjonen din som helsefagarbeidar. I dette emnet finn du innhald som kan gi deg innsikt i korleis det er å arbeide som helsefagarbeidar på ulike tenestestader.

Bustad- og institusjonstenesta

Bustader og institusjonar med heildøgns omsorgs- og pleietenester inneber behov for personale på jobb både på dag, kveld og natt. Det er mange ulike former for helseinstitusjonar, og arbeidsoppgåvene er varierte.