Yrkesliv i helsearbeidarfag (HS-HEA vg2)
Felles programfag saman med:Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2)ogKommunikasjon og samhandling (HS-HEA vg2)
Arbeidsplassar for helsefagarbeidaren
Det er mange ulike arbeidsplassar som kan vere aktuelle for deg når du har bestått fagprøva og motteke autorisasjonen din som helsefagarbeidar. I dette emnet finn du innhald som kan gi deg innsikt i korleis det er å arbeide som helsefagarbeidar på ulike tenestestader.
Heimebaserte tenester
Å jobbe i heimebaserte tenester inneber at du arbeider heime hos brukarar som har behov for helsehjelp eller praktisk bistand for å kunne bu i sin eigen heim.