Yrkesliv i helsearbeidarfag (HS-HEA vg2)
Felles programfag saman med:Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2)ogKommunikasjon og samhandling (HS-HEA vg2)
Arbeidsplassar for helsefagarbeidaren
Det er mange ulike arbeidsplassar som kan vere aktuelle for deg når du har bestått fagprøva og motteke autorisasjonen din som helsefagarbeidar. I dette emnet finn du innhald som kan gi deg innsikt i korleis det er å arbeide som helsefagarbeidar på ulike tenestestader.
Dag- og fritidstilbod
Mange kommunar har dag- og fritidstilbod tilpassa ulike alders- og brukargrupper. Nokre av stadene tilbyr aktivitetar på dagtid, mens andre har ope utanom normal skule- og arbeidstid.