Stop motion med organiske stoff
I denne oppgåva skal du lage ein stop motion-animasjon som viser oppbygginga av eit organisk stoff eller ein prosess der organiske stoff er sentrale. Det kan til dømes vere ein film som viser oppbygging av glukose eller stivelse trinn for trinn. Døme på prosessar som kan animerast, er danning av plasten polyeten eller fotosyntesen.
Når du skal lage ein stop motion-animasjon, set du saman mange stillbilete av noko som rører seg litt bilete for bilete. Når du set alle desse bileta saman, ser det ut som ein film. Du kan jobbe åleine, men det er best å jobbe i par eller i ei gruppe; då kan den eine ta bilete og den eller dei andre gjere rørslene.
Forslag til motiv i ein stop motion-film
- skrive eller teikne steg for steg
- Lego
- leire
- molekylbyggjesett
- frukt/grønsaker
- godteri
- menneske (krev svært små rørsler)
- Bruk stativ til mobil eller kamera. Stativa med muffer og klemmer på naturfagrommet eignar seg veldig godt.
- Ver på ein stad med godt lys.
- Bruk manuelt fokus på kameraet. Zoom inn og still fokuset.
- Hald fingeren på utløysarknappen og dytt varsamt med fingeren utan å ta han av knappen. Slik kan du unngå rørsler i kameraet. Mange kamera har òg stemmestyrt utløysar.
- Bruk ein ryddig og nøytral bakgrunn.
- Skal du skrive eller teikne på ark, er det lurt å teipe det fast.
- Ta mange bilete, helst eit par hundre – kvart bilete står berre i to ruter.
Når du er ferdig med å ta bilete, legg du dei i ei mappe på eininga di og opnar programmet du skal bruke for å lage stop motion-filmen.