Hopp til innhald

Fagstoff

Tiltak mot miljøgifter

Internasjonalt samarbeid må til for å få ned bruken av miljøgifter. I tillegg til at styresmaktene sjekkar produkt, kan kvar enkelt av oss følgje kosthaldsråd og miljømerking slik at vi blir utsette minst mogleg for miljøgifter.
Ungt par studerer varer i butikkreol. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Internasjonalt samarbeid har fungert

Mange land jobbar saman for å få ned bruk og utslepp av kjende miljøgifter. I dag er mange miljøgifter forbodne, og utsleppa av andre har gått ned, men samtidig kjem det nye stoff til.

Internasjonalt samarbeid er òg viktig fordi stoff som blir sloppe ut ein stad, kan ende opp i eit anna land i ein heilt annan del av verda. Eit eksempel er funn av DDT og PCB i isbjørn på Svalbard. Desse stoffa har kome hit med hav- og vindstraumar.

Sjølv om utsleppet av miljøgifter er lågare i dag enn på lenge, så vil mange av miljøgiftene vere i lufta, vatnet og jorda i mange år etter at dei vart slopne ut. Både styresmakter og enkeltpersonar må ta forholdsreglar, slik at vi blir utsette for så lite miljøgifter som mogleg.

Grenseverdiar angir trygge nivå

Grønnsaksavdeling i butikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mattilsynet set opp såkalla grenseverdiar for ulike stoff. Viss mengda stoff du får i deg er mindre enn den anbefalte grenseverdien, så er risikoen for å bli sjuk liten. For nokre stoff har ein ikkje sett nokon grenseverdi fordi ein er usikker på om folk toler noko som helst av stoffet. Dette gjeld til dømes bly.

Vi som forbrukarar treng ikkje å tenkje på ulike grenseverdiar i det daglege. Dei blir brukte ved kontroll av matvarer frå inn- og utland, slik at dei varene vi kjøper i butikken skal vere så trygge for oss som mogleg. Rett nok er det sjølvsagt ikkje mogleg å kontrollere alle varer til kvar tid.

Kor farleg eit stoff er, blir bestemt av eksponering

Kor farleg eit stoff er, kjem an på kor mykje av stoffet du blir eksponert for og i kor lang tid. Sjølv om vi omtaler bly som eit giftig stoff, så betyr ikkje det at du vil døy med ein gong viss du får i deg litt bly. Det kjem an på kor mykje du får i deg og kor lenge dette går føre seg.

Nokre stoff er naudsynte for kroppen i små mengder, men skadelege viss vi får i oss for mykje. Dette gjeld til dømes vanleg bordsalt og vitamin A. Andre stoff er ikkje naudsynte, men kroppen kan tole ei viss mengde av dei.

Faktorar som påverkar giftverknaden av eit stoff kan vere

  • dose (konsentrasjon eller mengde)
  • kor giftig stoffet er (kor mykje som skal til før ein giftverknad blir vist)
  • korleis ein får stoffa i seg
  • alder
  • tilvenning
  • individuelle faktorar (toleransen for giftverknaden til stoff kan variere mykje)

Råd om kva du ikkje bør ete

På nettstaden matportalen.no gir Mattilsynet råd om kva type mat du bør unngå. Råda vil variere med alder, livssituasjon og kvar ein bur i landet.

Nokre av råda er at

  • du ikkje bør ete stor ferskvassfisk på grunn av kvikksølvinnhald
  • du bør avgrense inntaket av viltkjøtt med blyrestar
  • barn under ti år bør ikkje ete lever som middagsmat på grunn av kadmiuminnhaldet
  • risdrikk og riskakar til små barn bør unngåast på grunn av innhald av arsen

Miljømerking gjer det lettare å velje giftfritt

CE-merking

Finger peiker på skrift på eske med LEGO. Foto.

Produkt som tilfredsstiller minstekrav til helse, miljø og sikkerheit, har CE-merket. Dette gjeld produkt som leiketøy og elektriske produkt.

Svanemerket

For at ein skal kunne bruke Svanemerket på eit produkt, blir det stilt strenge krav til innhaldet av helse- og miljøskadelege stoff. I denne samanhengen blir merket gjerne brukt på kosmetikk og reingjeringsmiddel.

EU Ecolabel – "Blomsten"

EU Ecolabel blir brukt i EU og fungerer på same måte som Svanemerket. Du finn dette merket på produkt i Noreg òg, fordi det er ein del av .

Økologisk landbruk

I økologisk landbruk bruker ein ikkje kjemiske sprøytemiddel til å motarbeide ugras og skadedyr. Restar av sprøytemiddel kan spreiast til vatn, luft og jord og påverkar plante- og dyreliv.

Kjelder

Folkehelseinstituttet. (2015, 16. september). Faktaark om bly i mat og miljø. Henta frå https://www.fhi.no/ml/miljo/miljogifter/fakta/bly-i-mat-og-miljo---faktaark/

Matportalen. (2018, 18. november). Miljøgifter. Henta frå https://www.matportalen.no/uonskedestoffer_i_mat/tema/miljogifter/

Standard Noreg. (2019, 10. juli). CE-merking. Henta frå https://www.standard.no/standardisering/ce-merking/

Spillum, B. J. (2019, 8. mai). Forgiftning. I Store medisinske leksikon. Henta frå https://sml.snl.no/forgiftning

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 16.10.2019

Læringsressursar

Miljøgifter