Hopp til innhald

Fagstoff

Miljøgiftene er rundt oss

Miljøgifter er stoff som vi veit har ein skadeleg effekt på helse og miljø. Stoffa kan vere organiske eller uorganiske. Dei blir brote ned sakte i naturen og blir samla opp i næringskjeder.

Kvinne bruker gammaldags sprayboks. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor bruker vi stoff som er miljøgifter?

Nokre gonger bruker vi kjemiske stoff som på eit seinare tidspunkt viser seg å vere farlege for oss. Dersom eit stoff er veldig nyttig, kan det bli brukt sjølv om vi veit at det har ein giftverknad.

Tidlegare vart DDT brukt for å drepe skadedyr i landbruket, bly i bensin for betre motoreigenskapar og asbest i bygningsmateriale. Dette verkar nesten utruleg i dag, når vi veit kva for ein effekt desse stoffa har på helse og miljø.

Føre var når ein ikkje er sikker

Vi kan ta forholdsreglar sjølv om vi ikkje kjenner alle effektar av stoffa vi bruker. Dersom vi mistenkjer at eit stoff kan vere farleg for helse og miljø, kan vi la vere å bruke dette stoffet eller bruke det minst mogleg og beskytte oss mot å få det inn i kroppen. Dette kallar vi gjerne føre-var-prinsippet.

Føre-var-prinsippet på laben

Når du jobbar på naturfagslaben, er det lurt å bruke små mengder av stoff som kan vere farlege for helse og miljø. For å unngå kontakt med slike stoff, bruker vi verneutstyr som hanskar, vernebriller og labfrakk.

Miljøgifter i kvardagsprodukt og mat

Når du høyrer ordet "miljøgift", så tenkjer du kanskje på fabrikkar med store skorsteinar der røyken tyter ut? Eller kanskje tønner som er halvt gravne ned og lek eit grønt og giftig stoff? Kanskje var det slik tidlegare, men i dag er det vanlegvis ikkje utsleppa frå slike kjelder som er det største problemet.

Produkt som du og eg bruker kvar dag, er kjelder til miljøgifter: emballasje, klede, leikar, kosmetikk og elektronikk. Miljøgiftene kan leke frå desse produkta og ut i omgivnadene.

Vi kan få i oss miljøgiftene gjennom huda eller via lufta vi pustar inn. Miljøgifter kjem òg over i drikkevatn og mat slik at dyr og menneske får dei i seg, og konsentrasjonen av giftene aukar oppover i næringskjeda. I Noreg er faktisk maten vi et den viktigaste kjelda til fleire miljøgifter.

Plast som berar av miljøgifter

Ei kjelde til miljøgifter som vi veit lite om enno, er mikroplast. Mange typar miljøgifter festar seg på dei små plastbitane. Dyreplankton kan oppfatte mikroplast som mat og ete han. På denne måten kan mikroplast "hjelpe" miljøgiftene inn i næringskjeder.

Naturleg betyr ikkje giftfri

Ikkje alle miljøgifter er syntetiske, mange er òg naturlege. Det at noko er naturleg betyr på ingen måte at det er ufarleg og giftfritt.

Fleire av dei mest dødelege giftene i verda blir faktisk danna i naturen. Bakterien Clostridium botulinum vil under gunstige forhold (for bakterien) produsere eit kraftig giftstoff. Dette kan til dømes skje når ein lagar rakfisk. Den same gifta går under namnet "Botox". Den lammande effekten av gifta blir brukt til å glatte ut rynker.

Gul frosk sit på bakken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Som ei følgje av varmare og våtare klima er det fare for at førekomsten av naturlege gifter kan auke, til dømes muggsoppgifter i korn.

Miljøgifter blir brotne ned sakte

Sjølv om vi sluttar å bruke alle kjende miljøgifter i dag, så vil vi framleis ha miljøgifter i lufta, jorda og vatnet vårt i årevis framover. Miljøgiftene bruker ofte lang tid på å bli brotne ned, og dei blir lagra i plantar, dyr og menneske.

Relatert innhald

Kjelder

Folkehelseinstituttet. (2018, 14. mai). Miljøgifter og helse i Norge. Henta frå https://www.fhi.no/nettpub/hin/miljo/miljogifter/

High North News (2019, 31. desember). Forskere i Tromsø med skremmende funn i den nordnorske befolkningen: Vi er "marinert" i miljøgifter. Henta frå https://www.highnorthnews.com/nb/forskere-i-tromso-med-skremmende-funn-i-den-nordnorske-befolkningen-vi-er-marinert-i-miljogifter

Miljødirektoratet. (2019, 27. mai). Miljøgifter. Henta frå https://miljostatus.miljodirektoratet.no/tema/miljogifter/

Vitenskapskomitéen for Mat og Miljø. (2013, 9. april). Risikovurdering av mykotoksiner (soppgifter i korn). Henta frå https://vkm.no/risikovurderinger/allevurderinger/risikovurderingavmykotoksinersoppgifterikorn.4.2994e95b15cc5450716159f7.html

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 01.10.2019

Læringsressursar

Miljøgifter