Hopp til innhald

Fagstoff

Konsekvensar av miljøgifter

Mange av verknadene frå miljøgifter kjem først etter lang tid. I tillegg til verknaden av kvar enkelt miljøgift kan kombinasjonen av ulike stoff ha ein uheldig verknad.
Scene frå filmen Alice i Eventyrland. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Miljøgifter kan skade på kort og lang sikt

Høge dosar med giftige stoff kan gi alvorlege skadar på kort sikt. Dei fleste vil utsetjast for relativt små konsentrasjonar av giftstoff, og over tid kan stoffa hope seg opp i kroppen og skader komme til syne.

Langtidseffektane kan vere alvorlege. Det kan dreie seg om

  • skadar på arvematerialet vårt
  • hormonforstyrringar
  • auka sannsyn for kreft
  • skadar på foster
  • nedsett immunforsvar
  • lærevanskar

Japansk kvinne held barn med misdanningar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Biomagnifisering – dyr på toppen får svi

Mange miljøgifter blir brotne ned sakte i naturen og er i tillegg feittløyselege. Dermed kan dei binde seg til feittvevet hos dyr og blir lagra der. Når ein trost et ein mark, så klarer han berre å utnytte omtrent 10 % av energien i marken. Det meste av energien forsvinn dermed ut av trosten. Mange miljøgifter vil derimot bli verande i trosten.

Viss vi har 100 kg meitemark, så vil dette kunne gi nok næring til omtrent 10 kg med trost. Energien som tilsvarer 90 kg meitemark går til andre ting enn å få desse trostane til å vekse. Sjølv om mykje energi "forsvinn" ut, blir det meste av miljøgiftene lagra i kroppen. Det som var 10 mg gift i 100 kg mark, er no 10 mg i 10 kg trost. Konsentrasjonen av gift har auka.

Konsentrasjonen av miljøgifter aukar i ei næringskjede med meitemark, trost og ugle. Ei ugle med ein biomasse på 1 kilogram som et trost tilsvarande 10 kg som i sin tur et meitemark tilsvarande 100 kg. Mengda miljøgift er konstant, men blir fordelt på stadig mindre biomasse i næringskjeda, frå meitemark til trost til ugle. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Konsentrasjonen av miljøgift i organismen har auka. Endå verre blir det for ugla som må ete 10 kg sporv for å få nok energi til å vekse til 1 kg. Her går òg mykje energi ut av systemet, men alle miljøgiftene følgjer med. Konsentrasjonen er no 10 mg i 1 kg ugle.

Sjølv om det ikkje kjem meir miljøgift inn i næringskjeda, så vil konsentrasjonen av miljøgift auke etter kvart som vi kjem høgare opp i næringskjeda.

Grafikken under viser korleis konsentrasjonen av miljøgifter aukar oppover i næringskjeda meitemarktrostugle.

Dyr på toppen av næringskjeder er derfor meir utsette for å få høge konsentrasjonar av miljøgifter, og dei har dermed større risiko for skadar.

Konsentrasjonen av miljøgifter er gjerne større på toppen av næringskjeder i havet samanlikna med næringskjeder på land. Kvifor er det slik, trur du?

Sidan næringskjedene i havet ofte er lengre (har fleire nivå) enn næringskjedene på land, vil miljøgiftene kunne akkumulerast i endå større grad her.

Feittløyselege miljøgifter blir verande i kroppen

Miljøgifter som består av mange karbonatom, har ein tendens til å vere feittløyselege. Dei kan derfor løyse seg med feittet i eit dyr eller menneske og bli lagra der. Stoff som er vassløyselege kan skiljast ut nokså raskt via urinen.

Cocktaileffekten – effekten av fleire miljøgifter samtidig

To ulike cocktailar. Foto.

Vi veit korleis mange av miljøgiftene verkar på miljø og helse. Når potensielt farlege stoff blir undersøkte, tek ein gjerne for seg eitt stoff av gongen.

I kvardagen vår er det slik at vi blir utsette for fleire stoff samtidig, og det kan tenkjast at stoffa påverkar kvarandre og har ein annan effekt når dei opptrer saman. Dette blir kalla cocktaileffekten.

Vi har liten kunnskap om korleis ulike miljøgifter verkar saman.

Miljøgifter blir overførte til neste generasjon

Eit barn dier. Foto.

Miljøgifter kan overførast til neste generasjon. Dette kan skje via blodet frå morkaka og til fosteret eller gjennom morsmjølk.

Dersom kjønnsceller blir skadde, kan dette gi skadar på fosteret som utviklar seg frå desse kjønnscellene, og slike skadar blir arvelege.

Hormonforstyrrande stoff

Nokre miljøgifter etterliknar, hemmar eller forsterkar verknaden av hormon som finst naturleg i organismar. Slike stoff kallast hormonhermarar.

Bisfenol A, ftalat og PCB er kjende for å påverke effekten av hormon hos dyr. I tillegg har desse miljøgiftene fleire andre uheldige effektar.

Relatert innhald

Kjelder

Matportalen. (2019, 18. november). Miljøgifter. Henta frå https://www.matportalen.no/uonskedestoffer_i_mat/tema/miljogifter/

Mattilsynet. (2019, 2. desember). Miljøgifter. Henta frå https://www.mattilsynet.no/mat_og_vann/uonskede_stofferimaten/miljogifter/

Minamata Disease Museum. (2016). 10 things to know about Minamata disease. Henta frå https://www.minamatadiseasemuseum.net/10-things-to-know

Wikipedia. (2019). Mercury poisoning. Henta 21. januar 2020 frå https://en.wikipedia.org/wiki/mercury_poisoning

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 24.10.2019

Læringsressursar

Miljøgifter