Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kvikksølv i fisk og skaldyr

Undersøk innhaldet av kvikksølv i fisk og skaldyr i eit område nær deg.
Gjedde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kartet under gir informasjon om kvikksølvinnhaldet i fisk, krabbe og skaldyr på mange stader i Noreg.

Bruk kartet og informasjonen som ligg i det til å undersøkje situasjonen i nærleiken av der du bur eller ein annan stad du har tilknyting til.

Tips til bruk av kartet

  • Du kan opne kartet i eit eige vindauge hos miljødirektoratet.no. Vel Vassmålingar – kjemi og biologi under ferskvatn.
  • Ved fleire av lokalitetane er det i tillegg til kvikksølvinnhald gjort målingar av andre miljøgifter og pH samt observasjoner av artar. Klikk på den lokaliteten du vil undersøkje. Her finn du måledata i rekneark øvst til høgre ("Eksporter alle måledata for vannlokaliteten").

    Ver oppmerksam på at det ikkje nødvendigvis finst målingar på alle lokalitetar.

Oppgåver

  1. Kartet viser "grenseverdiar sett for heile økosystemet". Kva er ein grenseverdi?
  2. Kva trur du blir meint med "grenseverdiar for heile økosystemet"?
  3. Kvikksølvinnhaldet blir målt i mg/kg v.v. Finn ut kva dette betyr.
  4. Finn ut kva grenseverdiar som gjeld for kvikksølv i ferskvassfisk.
  5. Vel ein art og nokre lokalitetar. Presenter observasjonane i ei grafisk framstilling. Kommenter likskapar og forskjellar, og prøv å finne forklaringar på desse. Finn du lokalitetar der grenseverdiane er overskridne? Kvifor er det kvikksølv i fiskevatn langt oppå fjellet?
  6. Les kosthaldsråda som Mattilsynet har gitt om ferskvassfisk: "Ferskvannsfisk og kvikksølvforurensing" på matportalen.no

    1. Kva går råda ut på?
    2. Kva betydning har råda for ein som fiskar til eige bruk?
    3. Kva betydning har råda for ein som sel fisk til andre?
    4. Du fangar ti åborar som kvar har ei våtvekt på 200 gram. Ein klassekamerat fangar éin åbor som har ei våtvekt på to kilogram. Begge fiskane er fanga i det same vatnet. Kva for ein av fangstane er tryggast å ete med tanke på innhald av miljøgifter?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 01.10.2019

Læringsressursar

Miljøgifter