Hopp til innhald

Bioteknologi

Bioteknologi har gitt oss ny kunnskap og nye verktøy som opnar mange mogelegheiter innan avl, medisin, fertilisering, matproduksjon og industri. Vi kan sjå openberre fordelar for både enkeltindivid, samfunn og miljø, men desse nye mogelegheitene skaper òg mange etiske dilemma.

Bioteknologi i samfunn og industri

Med bioteknologi kan vi få avlingar som toler tørke og sjukdommar betre, og som har høgare næringsinnhald. Genetisk modifiserte mikroorganismar kan bryte ned miljøgifter og bidra til produksjon av biodrivstoff. Moglegheitene er mange, men kan teknologien òg skape problem for oss?