Hopp til innhald
Fagartikkel

Celledeling: mitose og meiose

Celledeling er ein føresetnad for både vekst, vedlikehald og formering. Ved vanleg celledeling (mitose) får vi to nøyaktige kopiar av morcella. Ved danning av kjønnsceller (meiose) blir kromosomtalet halvert.

Mitose (vanleg celledeling)

Vanleg celledeling er mest aktiv på fosterstadiet (og tidleg i vekstfasen hos planter), men vi produserer nye celler heile livet. Desse skal gi vekst og erstatte gamle og slitne celler. Vanleg celledeling blir òg kalla vekstdeling og gir to nøyaktige kopiar av morcella.

Mitose skjer i heile kroppen heile tida, med unnatak frå i kjønnscellene. Tida mellom to celledelingar er avhengig av vevstype og blir noko lengre jo eldre vi blir. Dette kan vi til dømes sjå ved at sår gror saktare, og at huda eldest.

Når ei moden kroppscelle skal dele seg i to, blir arvestoffet først kopiert, slik at kromosoma blir doble (to like kromatid). Deretter kan kvart doble kromosom delast på langs ved at dei blir splitta i sentromeren.

DNA kopierer seg sjølv – DNA-replikasjon

Når DNA kopierer seg sjølv, kallar vi det DNA-replikasjon. Det som skjer, er at eit enzym «klipper» opp DNA-strengen på langs mens nye nukleotid festar seg til dei ledige plassane (nitrogenbasane). Resultatet blir to nøyaktige kopiar av den opphavlege DNA-strengen – eit dobbelt kromosom der kromatida er bundne til kvarandre i sentromeren.

Når DNA-strengen blir splitta opp, vil feste seg slik at guanin (G) bind seg til cytosin (C), og tymin (T) til andenin (A).

Cella deler seg

Når cella deler seg, blir kromatida dregne frå kvarandre ved hjelp av tynne proteintrådar (spindlar) og skal inngå i kvar si nye dottercelle. I menneskeceller er det 46 enkle kromosom (kromatid), som blir dregne til kvar si side. Cytoplasma med organellar blir òg fordelte. Deretter vil det danne seg cellemembranar (pluss cellevegg hos planteceller) rundt dei to kromosomsetta, og vi har fått to nye dotterceller med nøyaktig same arvestoff som morcella.

Meiose (kjønnscelledeling)

Danning av kjønnsceller skjer i testiklane hos menn og i eggstokkane hos kvinner. Når kjønnsceller skal dannast, må kromosomtalet halverast. Før delinga vil dei doble stille seg opp parvis midt i cella. Deretter blir alle kromosompara skilde, slik at det blir 23 kromosom på kvar side av cella. Det er tynne proteintrådar (spindlar) som trekkjer kromosoma til kvar si side.

No blir cella delt, og cellemembranar omgir dei nye cellene med halvt kromosomtal. I andre deling blir dei doble kromosoma delte, og vi får fire kjønnsceller med halvt kromosomtal.

Overkryssing gir rekombinasjon av gen

Kromosoma i eit par kan byte nokre gen mens dei er stilte opp parvis. Dei ligg så tett inntil kvarandre at bitar kan brekke av, og DNA-fragment kan byte plass. Dette heiter overkryssing. Denne bytinga sikrar at ingen kjønnsceller blir identiske.

Slik blir gena stadig kombinerte på nye måtar, noko som sørgjer for større genetisk variasjon blant avkoma.

Tenk gjennom
  • Når det blir danna kjønnsceller i kroppen din, vil dei då innehalde like mykje arv frå mor di og frå far din?
  • Figuren over viser meiose med eitt kromosompar. Sjå det for deg, og prøv å teikne korleis 23 par stiller seg opp i midten av cella. Du kan forenkle ved å teikne færre – til dømes 8 par. Korleis blir fordelinga av kromosoma frå mor og far?
  • Forklar kva rekombinasjon betyr

    1. for individet
    2. i ein populasjon

Befruktning: 23 + 23 = 46

Egg- og sædceller inneheld berre 23 kromosom kvar. Dermed blir det 46 kromosom (23 par) etter at ei eggcelle og ei sædcelle har smelta saman. Ei befrukta eggcelle vil starte med vanleg celledeling. Det blir eit embryo, der alle cellene har kopiar av dei same 46 kromosoma. Etter kvart som embryoet veks, blir cellene spesialiserte.

Sidan kjønnsceller aldri deler seg, kan ordet «kjønnscelledeling» verke misvisande. Det er eigentleg stamceller i eggstokkar og testiklar som deler seg og dannar kjønnscellene.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Forsøk: Mitose i rotspiss av lauk

Hos fleircella organismar skjer mitose til kvar tid i heile kroppen og gjennom heile livet. Her skal du studere mitose i rotspissen av ein lauk.