Hopp til innhald

Fagstoff

Charles Darwin

Charles Darwin er vitskapsmannen bak evolusjonsteorien som førte til eit paradigmeskifte i oppfatninga av opphavet til artane. Det er eit stort sprang frå læra til kyrkja om korleis Gud skapte jorda og alt levande, til evolusjonsteorien om korleis alle artar er utvikla frå felles avstamming.
Darwin er teikna omgitt av mange dyr i ein jungel. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Opphavet til artane

Bilde av bokside i «Artenes opprinnelse». Foto.

Charles Darwin beskreiv utviklingslæra i boka Artenes opphav, som blei gitt ut i 1859. Her forklarte han korleis livet og artane har utvikla seg gjennom naturleg utval. Sidan det er variasjon i gena innanfor ein art, vil nokre kunne tilpasse seg endringar i miljøet lettare enn andre.

Motstand og sterke protestar

Karikaturteikning av Darwin med skjegg og apekropp. Illustrasjon.

Evolusjonsteorien er ei anerkjend forklaring på korleis livet på jorda har utvikla seg no, men då Charles Darwin introduserte teorien i 1859, skapte det oppstyr og sterke reaksjonar i mange miljø, og spesielt i kyrkja. Alle hadde lært at Gud skapte jorda, naturen, dyra og menneska. Det Charles Darwin forklarte, stridde mot den bokstavtru skapingssoga. Det var spesielt det at menneske og aper skulle vere i slekt, som vekte baluba. Han blei latterleggjord og kritisert frå mange hald for teoriane sine då han levde.

Det Charles Darwin forklarte, var at alle artar hadde utvikla seg frå same livsform, og at alle organismar er i slekt.

Ein stor forgreina trestruktur med eit mangfald av artar som viser korleis artane har utvikla seg frå eit felles opphav. Illustrasjon.

Evolusjonsteorien blei akseptert

No er evolusjonsteorien akseptert i kyrkjemiljøet. Frå vitskapleg hald har det vore og vil halde fram med å vere forskarar som prøver å så tvil om evolusjonsteorien.

Det finst ingen bevis eller vitskaplege funn som kan motbevise evolusjonen, men det er svært mange funn og god dokumentasjon som støttar evolusjonsteorien.

Tenk gjennom
  • Kva finst av «bevis» eller funn som støttar evolusjonsteorinen?
  • Kan du finne argument mot at det har føregått ein evolusjon frå eit felles opphav?

Jordomsegling

Kart med innteikna reiserute. Illustrasjon.

Charles Darwin brukte over tjue år på å skrive Artenes opprinnelse. Nærare tretti år før boka blei gitt ut, drog Darwin ut på ein jordomsegling med forskingsfartøyet Beagle. Denne reisa varte i fem år. På dei åra fekk han observert og dokumentert at naturen er i stadig endring. Eit av døma som Darwins brukte, er fuglane på Galápagos. Der dokumenterte han at at fuglane (finkar og spottefuglar) var ulike på dei ulike øyene. Seinare studerte han òg nebbet til finkane og fann store variasjonar.

Seks preparerte fuglar med merkelappar. Foto.

Darwin visste ikkje noko om gen. Han observerte og la merke til variasjonar og skilnadene på øyene. Han resonnerte seg fram til at fuglane måtte ha kome til Galápagos med ein eller fleire stormar. Sidan desse øyene ligg nokså isolerte i Stillehavet, kunne finkane finne mange ledige nisjar der dei hamna.

Over lang tid blei finkane tilpassa ulike næringsnisjar. Nokre fekk lange tynne nebb som var eigna til å ete insekt, mens andre fekk kraftige nebb som kunne knekkje harde frø. Isolasjonen på kvar si øy og tilpassing til ulike miljø over lang tid var årsaka til dei mange artane som blei danna frå eit felles opphav.

Relatert innhald

Tree of life er eit interaktivt artstre som viser slektskapen mellom organismar gjennom evolusjonen.

CC BY-SASkrive av Hilde Ervik og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2020

Læringsressursar

Evolusjon