Nye artar blir utvikla
Ein art er den grunnleggande eininga i biologisk systematikk. Vi kan definere ein art på fleire måtar, men to individ er av same art viss dei kan få fertilt avkom (barn) saman.
Pungdyr (Marsupialia) er ei gruppe pattedyr som ikkje har morkake. Ungane blir fødde på eit tidleg stadium og blir utvikla vidare i ein pung, der dei syg seg fast til ei patte. Dei skilde seg antakeleg frå pattedyra allereie for 180 millionar år sidan. Det skjedde sannsynlegvis i Asia før dei spreidde seg til alle kontinent som hang saman i superkontinentet Pangea. Då kontinenta skilde lag, utvikla pungdyra seg i ulike retningar og nye artar oppstod. No finst det pungdyr berre i Australia og i Amerika.
Nye pungdyrarter – ei parallell utvikling
Australia har vore isolert frå resten av verda i meir enn 70 millionar år. Dei første pungdyra som kom til kontinentet, utvikla seg snart til å fylle alle tilgjengelege nisjar.
Dei har utvikla seg til ulike artar som maurslukarar (Myrmecobius), ulvar (tasmansk tiger), skogkattar (Dasyurus), flygande ekorn (Petaurus), murmeldyr (wombat), mus (Dasycercus) og muldvarp (Notoryctes).
Pungdyrartene i Australia har utvikla mange av dei same trekka og eigenskapane som pattedyra (morkakedyra) på andre kontinent. Dei har møtt mange av dei same miljøforholda som pattedyr elles i verda og har fått utsjånad og levemåtar som liknar. Denne parallelle prosessen blir gjerne kalla konvergens.
Søk opp bilete av liknande artar av morkakedyr. Samanlikn bileta av pungdyr nedanfor med liknande morkakedyr (pattedyr på andre kontinent). Leit etter likskapar og ulikskapar.
Vel eit par artar og studer bygningstrekk som storleik, plassering av auge, pels, hale, øyre og så vidare.
Søk etter opplysningar om levesett, kva dei et, habitat, om dei lever i flokk, talet på ungar, yngelpleie og så vidare.
Finn du forskjellar mellom pungdyr og morkakedyr som går igjen hos fleire av artane du samanliknar?
Tunstad, E. (2009) Evolusjon: Fra slik en enkel opprinnelse forskning.no
Frafjord, K. (2019) Pungdyr Store norske leksikon