Jobb med filmen Creation - Naturfag (SF) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Jobb med filmen Creation

Det biografiske kostymedramaet Creation gir oss eit glimt av livet til Charles Darwin rett før han publiserte den banebrytande evolusjonsteorien sin i Artenes opprinnelse (On the Origin of Species).

Før de ser filmen

  1. Ta stilling til påstandar og finn ut kva du kan om Darwin og evolusjonsteorien.

  1. Kva trur de filmtittelen Creation viser til?

Sjå filmen

Etter å ha sett filmen

  1. Nemn to personar som speler viktige roller i Darwins liv, som blir portretterte i filmen.

  2. Forklar korleis Darwins teoriar om naturleg utval blir presenterte i filmen.

  3. Lag ei tidslinje som viser dei viktigaste hendingane i Darwins liv.

  4. Beskriv konflikten mellom vitskap og religion som filmen Creation tek opp.

  5. Diskuter korleis filmen kan brukast til å forstå vitskapelege metodar og modellar.

  6. Bruk døme frå filmen til å forklare korleis forsking og hypotesetesting går føre seg. Korleis går dette føre seg i dag?

  7. Analyser dei indre konfliktane Darwin opplever. Korleis påverkar dei arbeidet og familieforholda hans?

  8. Samanlikn Darwins utfordringar med utfordringane forskarar møter i dag.

  9. Vurder kor historiske nøyaktige filmen framstiller livet og arbeidet til Darwin.

Skrive av Thomas Bedin og Anne Cathrine Andersson.
Sist fagleg oppdatert 21.05.2024