Livsstilsløgner
CC BY-NC-SA 4.0
Det er mange som forsøkjer å påverke livsstilsvala dine i kvardagen. Undersøk korleis livsstilsreklamar og livsstilsinformasjon forsøkjer å påverke deg, og avslør kva som er sant og kva som ikkje stemmer.
I denne læringsstien skal du
- utforske og reflektere over livsstilsreklame og livsstilsinformasjon og undersøkje han kjeldekritisk
- utforske og reflektere over livsstilstrendar og samanhengen mellom livsstilstrendar og eit sunt kosthold
- analysere og samanlikne næringsstoff i matvarer som blir kalla «supermat», med «vanleg» mat
- lære kva livsstilsreklamar er og analysere dei ved hjelp av omgrep frå retorikken
Denne læringsstien er tverrfagleg, men han er spesielt relevant i faga norsk og naturfag.